Hopp til innhold
X
Innhald

Historia til polititenesta i Sogn og Fjordane

Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Polititenesta i Sogn og Fjordane har sidan 2001 vore samla i Sogn og Fjordane Politidistrikt. Politidistriktet har hovudkvarter i Florø, der Fjordane Politikammer har halde til sidan 1898. Sogn Politikammer som vart skipa same året, har det meste av tida fram til samlinga i 2002 halde til i Leikanger.

Lensmannsordninga

Ordenstenesta på landsbygda i Noreg har tradisjonar heilt tilbake til 1200-talet, då det i 1293 kom påbod om at «forstandige bønder av god ætt» skulle peikast ut som lensmenn kringom i bygdene.

I dansketida vart det futen (fogden) som vart øvste ordensmakt, og han hadde såkalla «bondelensmenn» som handgangne menn i bygdene. Men sjølv om han var tilsett av futen, måtte bygdetinget godkjenne utnemninga. Dette gjorde at lensmannen kom i ei dobbeltstilling som sendemann for futen, samstundes som han kunne vere talsmann for ålmenta oppover i systemet. Løn fekk han som part av bøter og gods som vart inndrege frå dei som hadde brote lova.

Politisperring i Jostedalen i samband med bjørnejakt. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Politisperring i Jostedalen i samband med bjørnejakt. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

Futane vert overordna lensmennene

Frå innføringa av eineveldet i 1662 vart lensmennene tilsette av futen, og fekk fast godtgjering for tenesta. Ved innføring av formannskapslovene og det lokale folkestyret i 1837 vart det fåfengt reist krav om at kommunestyra skulle tilsetje lensmenn. Først ved ei «lensmannslov» i 1884 fekk kommunestyre lov til å nominere kandidatar til stillingane, medan futane heldt på tilsetjingsmynde heilt fram til ordninga med futar vart avvikla ved lov i 1894.

Sjå elles om den spesielle ordninga med magistrat i Florø under Fjordane Politikammer.

Frå futestyre til politikammer

Avviklinga av futane som statleg forvaltningsledd omfatta ikkje berre lensmannen, men også m.a. at viktige oppgåver vart overførte til sorenskrivarkontora. Slike store omveltingar kravde overgangsordningar, noko som gjorde at dei to futane i Fjordane og i Sogn (sjå: Futegarden Bruland og: Futegarden Askelund) sat i embeta til 1898. Då vart politiansvaret i dei to tidlegare fogderia overført til to nyoppretta politimeisterstillingar for Sogn, med bustad i Vik, og for Fjordane med bustad i Florø.

Les også historia til Fjordane Politikammer og Sogn Politikammer.

Politiet har rykt ut til ei trafikkulukke i Stryn. Foto: Arne Vik.

Politiet har rykt ut til ei trafikkulukke i Stryn. Foto: Arne Vik.

Intermesso med landsdelspolitimeistrar

På slutten av 1980-talet vart den regionale polititenesta også sett inn eit nivå som «landsdelpolitimeister». Desse skulle m.a. ha koordineringsansvar for t.d. redningsoperasjonar som involverte fleire politidistrikt.

På Vestlandet sorterte politikammera i Fjordane, Sogn, Hordaland, Bergen og Haugesund under landsdelpolitimeisteren i Bergen i slike saker som omfatta fleire distrikt. Ordninga vart avvikla i 2001. Les meir om Sogn og Fjordane politidistrikt.

Lensmannskontoret på Årdalstangen. Ei tid var det lensmannskontor i så godt som alle kommunane i Sogn og Fjordane. I 2010 vart det vedteke at talet på lensmannsdistrikt skulle skjerast ned frå 23 til tre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lensmannskontoret på Årdalstangen. Ei tid var det lensmannskontor i så godt som alle kommunane i Sogn og Fjordane. I 2010 vart det vedteke at talet på lensmannsdistrikt skulle skjerast ned frå 23 til tre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015