Hopp til innhold
X
Innhald

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane

Konfliktrådet har kontor i Storehagen Atrium i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Konfliktrådet har kontor i Storehagen Atrium i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane vart skipa i 1993 og har kontor i Førde.

Konfliktrådet er ingen domsstol, men meklar i tvistar som t.d. valdsaker med hærverk, naskeri, innbrot, nabokonfliktar, vald og mobbing. Både straffesaker og sivile saker kan takast opp i konfliktrådet som er ei frivillig og gratis ordning.

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane tek saker frå heile Sogn og Fjordane med unntak av kommunane Gulen og Solund. Det har også ansvaret som konfliktråd for Vanylven kommune i Møre og Romsdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2011