Hopp til innhold
X
Innhald

Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Det første krisesenteret for mishandla og valdtekne kvinner i Noreg vart skipa i Oslo i 1978.

Det første krisesenteret for mishandla og valdtekne kvinner i Noreg vart skipa i Oslo i 1978.

I Noreg er det organisasjonane Norsk Krisesenterforbund og Krisesentersekretariatet som driv omlag 50 krisesenter og krisetelefonar over heile landet. Drifta vert finanisert med statlege og kommunale tilskot.

Ei tverrpolitisk kvinnegruppe i Flora starta krisetelefonen i Sogn og Fjordane i 1983 og Krisesenteret i Sogn og Fjordane i 1985. Krisesenteret i Sogn og Fjordane ligg i Florø og tek årleg imot for overnatting kring 30 kvinner og like mange barn som treng hjelp. I tillegg kjem kring 150 dagopphald i året. Krisesenteret i Sogn og Fjordane er medlem av Krisesentersekretariatet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015