Hopp til innhold
X
Innhald

Lokale vegkontor i Sunnfjord og Nordfjord

Trafikkstasjonen på Kronborg i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trafikkstasjonen på Kronborg i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1838 vart det tilsett åtte veginspektørar i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunnfjord fekk ein kvar, medan dei øvrige seks vart plasserte i Sogn. Desse inspektørane sorterte under amtmannen (fylkesmannen) og hadde overoppsynet med bygging og vedlikehald av lokale vegar i sine distrikt.

Inspektørstillingane i Sunnfjord og Nordfjord var starten på utbygging av det som seinare vart lokale vegkontor med fleire tilsette. For Nordfjord låg kontoret på Nordfjordeid og for Sunnfjord i Førde.

Desse kontora hadde heilt fram til dei vart nedlagde i 1964 ei sterk stilling i vegadministrasjonen: Dei hadde ansvaret for planlegging, anlegg og vedlikehald i sine regionar, og gav vegsjefen råd om prioritering av anlegg for løyvingar.

Meir om Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane.

Dette huset var ei tid vegkontor på Nordfjordeid. Det var og brukt som hotell under namnet Spanberg Hotell. Foto: Isak I. Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette huset var ei tid vegkontor på Nordfjordeid. Det var og brukt som hotell under namnet Spanberg Hotell. Foto: Isak I. Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.08.2011