Hopp til innhold
X
Innhald

Militærvesenet ansvarleg for vegane

Etter gamal tradisjon frå dansketida, var bygging og drift av veganlegg heilt fram til 1864 i hovudsak organisert av det militære. I kvart stiftsamt var det generalvegmeisteren som var øvste sjef. Vestlandet høyrde under generalvegmeisteren i Bergen fram til 1824, då ordninga opphøyrde.

Frå 1814 og fram til 1851 var det militærvesenet som hadde ansvaret for bygging og vedlikehald av hovudvegane i landet, medan lokale vegar hadde ein meir sivilprega administrasjon: Her var det amtmannen gjennom lokale veginspektørar, lensmenn og rodemenn som styrte vegbygging og vedlikehald. Amtet hadde ei eiga «vegkasse» til finansiering av arbeidet.

Det lokale sjølvstyret vart innført med formannskapslovene i 1837. På denne tida var det åtte veginspektørar i Sogn og Fjordane: Ein i Nordfjord, ein i Sunnfjord og seks i Sogn.

Les meir under: Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015