Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjordrådet

Nordfjordrådet har m.a. engasjert seg i kampen for Nordfjord Sjukehus. Sitjande Sonja Edvardsen, Eid, og Gunn Helgesen, Selje. Ståande frå venstre Nils P. Støyva, Stryn, Roger B. Silden, Vågsøy, Anders Ryssdal, Gloppen, og Kåre Olav Svarstad, Bremanger. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Nordfjordrådet vart formelt skipa i 1994 som eit samarbeidsorgan mellom kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy. Slike interkommunale samarbeidsråd er heimla i Kommunelova. Rådet hadde ein politisk forløpar i Nordfjord Kommunikasjonsnemnd som tok opp felles samferdslesaker og målbar dei mot statlege og fylkeskommunale organ.

Nordfjordkommunane samarbeider elles om felles renovasjon gjennom det interkommunale selskapet NOMIL – Nordfjord Miljøverk AS – som har hovudkontor på Sandane.

Reiselivsnæringa i Nordfjord samarbeider i selskapet Reisemål Stryn og Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 09.02.2015