Hopp til innhold
X
Innhald

Opptakten til sjukehusstriden

Frå Nikolai Schei vart fylkesmann i 1946, hadde han gjennomført ei ekstrem spareline som mellom anna hadde gått ut over dei fire lokalsjukehusa. Alle var nedslitne og umoderne. Dei sleit med konstant legemangel, og fylket måtte støtte seg på sjukehusa i nabofylka for å dekkje behovet.

Sjukehusplanar i Sogndal i 1964

I 1964 gjorde ei nemnd leia av fylkeslege H.J. Blaauw framlegg om å byggje ut sjukehusa i Høyanger, Florø og Nordfjordeid. Lærdal sjukehus skulle gjerast om til sjukeheim og erstattast av nytt sjukehus for indre Sogn i Sogndal.

Sentralsjukehustanken vert fødd

Same året reiste Helsedirektoratet spørsmålet om å samle alle sjukehustenester i fylket i eitt sentralsjukehus, men konkluderte likevel med at lokale forhold gjorde at ein framleis skulle satse på tre lokalsjukehus: Eitt større i Florø med 140 senger, og ei litt mindre utbygging av sjukehusa i Høyanger og Indre Sogn. Nordfjord sjukehus burde leggjast ned. Men fylkespolitikarane heldt fast på utbygging av alle fire sjukehusa.

Ein bakspelar til Helsedirektoratet sine utspel var Sogn og Fjordane legeforening. Fleirtalet i fylkesforeninga spela ein svært aktiv rolle i det som vidare hende. Deira fremste våpendragar lokalt vart den nye fylkeslegen Rolf Hegbom, som tok over etter Blaauw.

Då helsedirektør Karl Evang i eit brev til fylkestinget i 1967 på nytt bad om vurdering av sjukehusstrukturen med sikte på eitt sentralsjukehus og nedleggjing av småsjukehusa, starta den bitre sjukehusstriden.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015