Hopp til innhold
X
Innhald

Sentralsjukehusplanen

Den mektige fylkeslegen Rolf Hegbom la fram ein plan om byggjing av sentralsjukehus i Førde og utbyggjing av Lærdal sjukehus. Sjukehusa i Høyanger, Florø og Eid skulle omskipast til sjukeheimar. Fylkesmann Nikolai Schei støtta planen, ikkje minst fordi eit stort fleirtal av legane i fylket gjekk inn for sentralsjukehus.

Fylkestinget held på lokalsjukehusa

Fylkestinget avviste Hegbom-planen med 19 mot 11 røyster. Fleirtalet heldt fast på vedtaket frå 1965 om utbyggjing av alle dei fire lokalsjukehusa.

Mindretalet støtta Hegbom-planen

Mindretalet anka avgjerda på fagleg grunnlag, men vann ikkje fram: Kommunaldepartementet stadfesta i april 1969 fleirtalsvedtaket om utbyggjing av dei fire lokalsjukehusa, men noko byggjing kom ikkje i gang. Både mellom politikarar og fagfolk var det usemje om kor store sjukehusa skulle byggjast, og kva slags avdelingar kvart av dei skulle ha.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015