Hopp til innhold
X
Innhald

Sjukehusutbygginga i Sogn og Fjordane

Sentralsjukehuset i Førde var eit stridsemne mange år før det stod klart til bruk i 1979. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Sentralsjukehuset i Førde var eit stridsemne mange år før det stod klart til bruk i 1979. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Heilt frå første stund med folkestyre i Sogn og Fjordane har politikk og offentleg debatt vore prega av sjukehusstrid. Det starta i 1838 med ein lokaliseringsstrid kring eit nytt sjukehus. Det heldt fram med lokaliseringskamp for tuberkuloseheimar kring 1910. I mellomkrigstida striddest ein om lokalisering av nye sjukehus, og striden toppa seg kring 1970 med den bitraste sjukehusstriden som landet har opplevd.

Ei av dei første sakene som fylkestinget i Sogn og Fjordane skulle drøfte, var om ein skulle bygge eit eige sjukehus. Frå 1819 hadde det vore eit slags sjukehus for «radesyke» - dvs. folk med kjønnssjukdomar - i Sogndal.

I 1838 drøfta fylkestinget nybygg. Fleire lokaliseringar vart nemnde: Bøfjorden og Leirvik i Sogn - Førde og Dalsfjorden i Sunnfjord. Men etter tilråding frå fylkesmannen enda ein opp med eit vedtak om å sende pasientane til «Bergens civile Sygehus». Distriktsmotsetningane var alt då merkbare, og fylkesmannen valde å tilrå den «nøytrale» Bergens-løysinga!

Sjukehuset i Sogndal vart samstundes lagt ned. Ordførar Juell frå Sogndal gjorde i 1842 framlegg om å byggje eit nytt sjukehus i Sogn, men nådde ikkje fram.

Seinare skulle sjukehusstrid verte den brennande saka på fylkestinget fleire gonger i mellomkrigstida, og sjukehusstriden kring 1970 reiv mest fylket i filler.

Sjukehusstriden i 1928

I 1928 blussa den første harde sjukehusstriden opp, då det vart lansert ein mengd lokaliseringsstader for utbygging av nye sjukehus. M.a. stod Leikanger sterkt som lokaliseringsstad for eit sjukehus i Sogn, og vart vedteke.

Sjukehusstriden 1967–1972

Men i staden bygde Kyrkjebø kommune og NACO aluminiumsverk sitt eige Høyanger sjukehus, og i Nordfjord stilte millionæren William Henry Singer jr. som vilkår at Nordfjord sjukehus skulle byggast på Nordfjordeid før han bladde opp gåver i millionkassen. I Florø bygde ein vidare ut det tidlegare Røde Kors-sjukehuset til Florø sjukehus, og i Lærdal bygde ein vidare på ein tidlegare etablert tuberkuloseheim; Lærdal sjukehus.

Sjukehusstriden 1967–1972

Då helsedirektør Karl Evang i eit brev til fylkestinget i 1967 på nytt bad om vurdering av sjukehusstrukturen med sikte på eitt sentralsjukehus og nedlegging av småsjukehusa, starta den bitre sjukehusstriden. Etter fleire års indre usemje om utbyggingsplan, vedtok regjeringa i 1971 bygging av sentralsjukehus i Førde (no Førde Sentralsjukehus) og nedlegging av alle fire lokalsjukehus og striden tok heilt av.

Etter fakkeltog og masseutmeldingar av Arbeidarpartiet, modererte Ap-statsminister Trygve Bratteli vedtaket ved å yte støtte til modernisering og utbygging av lokalsjukehusa også. Sidan den gongen vart sjukehuset i Høyanger lagt ned i 1982, og sjukehuset i Florø vart omskipa til avdeling under sentralsjukehuset i 1994.

157.	I indre Sogn har det på 2000-talet vore mange aksjonar for å hindre nedbygging av Lærdal Sjukehus. Dette er frå ei markering på Årdalstangen.

157. I indre Sogn har det på 2000-talet vore mange aksjonar for å hindre nedbygging av Lærdal Sjukehus. Dette er frå ei markering på Årdalstangen.

Helse Førde og ny strid

Frå 2001 overtok Staten alle helseinsitusjonane frå fylket og la dei under Helse Vest HF (helseføretak), med «fylkesavdeling» under Helse Førde RHF (regionalt helseføretak) for institusjonane i Sogn og Fjordane. Helse Førde RHF har eige styre og eigen direktør, plassert i Førde. Styret gjekk inn for å legge om aktiviteten på Nordfjord Sjukehus og Lærdal Sjukehus, mellom anna ved å leggje ned fødeavdelingane og gjere dei om til jordmorstyrte fødestover. Det førde til ein svært oppheta strid som pågjekk i mange år. I 2011 vart det meste av vedtaka i Helse Førde stadfesta av regjeringa. Ved kommunevalet i 2011 vart særleg Arbeidarpartiet hardt straffa i Nordfjord. I Eid vart Arbeidarparti-ordførar Sonja Edvardsen kasta, og Alfred Bjørlo frå Venstre vart ny ordførar med nær halvparten av røystene.

Frå ein aksjon for Nordfjord Sjukehus i Måløy. Foto: NRK.

Frå ein aksjon for Nordfjord Sjukehus i Måløy. Foto: NRK.

Sterk mobilisering mot tuberkulosen

Men midt opp i all merksemd som dei harde sjukehusstridane i fylket har fått, er det lett å gløyme den store innsatsen som fylket gjorde i kampen mot folkesjukdomen tuberkulose tidleg på 1900-talet. Det var store statlege løyvingar som sette fart i denne prosessen. Frå 1911 til 1921 vart det bygt fire fylkeseigde tuberkulosesanatorier i Lærdal, Lavik, Askvoll og Sandane.

Desse heimane, saman med det Vestlands-dekkande tuberkulosesjukehuset på Harastølen, hadde kapasitet til å ta imot mange hundre tæringssjuke pasientar. Ut på 1950-talet hadde ein fått tuberkulosen under kontroll m.a. med nye medisinar og vaksine, og dei gamle sanatoria fekk andre funksjonar i helsetenesta og eldreomsorga.

Sein satsing på psykiatrien

Den helserøkta som vart lengst forsømt i Sogn og Fjordane, var den psykiatriske helseomsorga. Langt fram på 1950-talet stod fylket utan noko form for eige psykiatrisk helsevern. Berre menneske som fekk alvorlege psykiatriske lidingar vart hjelpte. Dei «vart sende», som ein gjerne sa, til Nevengården eller andre psykiatriske institusjonar i Bergen.

Nordfjord Psykiatrisenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Psykiatrisenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylket bygde den første behandlingsheimen for psykisk sjuke - Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim - på Kyrkjebøstranda i 1956. Kring 1960 overtok fylket det nedlagde tuberkulosesjukehuset på Harastølen i Luster og dreiv det i mange år som psykiatrisk sjukeheim. I 1983 vart det oppretta psykiatrisk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, og i 1991 Nordfjord Psykiatrisenter. I 1990 vart nybygg for psykiatrisk klinikk like ved Førde Sentralsjukehus teken i bruk.

Psykiatrisk Klinikk i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Psykiatrisk Klinikk i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.04.2013