Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Landbruksselskap

Den første fylkesagronomen i Sogn og Fjordane vart tilsett i 1857. Dette var same året som Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap vart skipa, men agronomen var likevel fylkestilsett tenestemann og sorterte under amtmannen.

Derimot vart den første fylkesgartnaren som kom i 1863, tilsett av landbruksselskapet, men løna av Staten. Arbeidet til Landhusholdningsselskapet var delt inn i fire hovudgrupper: Jordbruk, feavl og hagebruk, og dessutan ei avdeling som m.a. skulle ta seg av fagkurs, utstillingar og husflidsarbeid og andre tilleggsnæringar til gardsdrifta.

Dei første heste- og feutstillingane og utstillingane for ymse landbruksprodukt som kom i stand på slutten av 1800-talet, vart ein mektig stimulans for å betre avkasting og kvalitet i jordbruket: Det var stas å kome heim att med kvit sløyfe på hest eller okse etter slike mønstringar, og premiar og plakettar vart hengde godt synlege i bestestova på garden!

Kvart fylke sitt landbruksselskap

Landhusholdningsselskapa med sine lokallag utgjorde altså ryggrada i den regionale og lokale «jordbruksadministrasjonen» heilt fram til 1919. Men då vart det rydda opp: Gjennom ei ny lov fastsette Stortinget at det skulle skipast eit Landbruksråd, og at kvart fylke skulle ha eit landbruksselskap der fylkestinget skulle velgje eitt av styremedlemene. Lova påla fylkeslandbruksselskapa at styret skulle veljast med balanse mellom gardbrukarar og småbrukarar. Samstundes vart ordninga med personleg medlemskap for bøndene avvikla. Berre lokale bondelag og bonde- og småbrukarlag og såkalla «jordbrukslag» kunne heretter teikne medlemskap i fylkeslandsbruksselskapet.

Først i Aurland, så til Førde

Sogn og Fjordane Landbruksselskap vart formelt skipa den 26. juni 1920, og vart samstundes ein offentleg institusjon. Landbrukskontoret vart mellombels lagt til Aurland der landbrukssekretæren Jens Pederson Lunde budde. Då Lunde gjekk av for aldersgrensa i 1954, vart fylkeslandbrukskontoret flytta til Førde, og har sidan halde til der. Likevel var det i lang tid slik at ein del fylkesgartnarar og fylkesagronomar av praktiske eller personlege årsaker var stasjonerte kringom i andre bygder i fylket.

Bøndene i mindretal

Stillinga som fylkeslandbrukssjef vart statstenestemannstilling frå 1949. Alle tilsette på fylkeslandbrukskontoret vart statsfunksjonærar, medan heradsagronomane vart kommunale tenestemenn. I 1956 kom ei ny lov som gjorde slutt på organisasjonsdominansen i styringsorgana:

Av i alt fem medlemmer i fylkeslandbruksstyret skulle ein oppnemnast av Landbruksdepartementet, to av fylkestinget, ein frå Norges Bondelag og ein frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Bondeorganisasjonane kom såleis i mindretal formelt, men i lang tid var det vanleg praksis at det vart bønder eller folk med sterk tilknyting til jordbruket som vart valde inn i fylkeslandbruksstyret.

Christian Rekkedal vart landbruksdirektør i 2006. Foto: Knut Grinde.

Christian Rekkedal vart landbruksdirektør i 2006. Foto: Knut Grinde.

Fylkeslandbrukssjefar og landbruksdirektørar

  • Jens Pederson Lunde 1923-1949
  • Ola Støyva 1946-1954
  • Rasmus Nordbø 1955-1964
  • Olav Bakke 1964-1979
  • Leif Steine 1979-1992
  • Per Ingolv Nygård 1992-1993
  • Christian Rekkedal 2006 -
Jens P. Lunde var landbrukssekretær frå 1923 til 1949 då han fekk tittelen fylkeslandbrukssjef. Landbrukssekretær Ola Støyva var konstituert fylkeslandbrukssjef i dei åra Jens Lunde sat på Stortinget mellom 1946 og 1954. Per Ingolv Nygård var fylkeslandbrukssjef frå då han vart landbruksdirektør og leiar for den nye jord- og skogbruksavdelinga under Fylkesmannen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015