Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Regionråd

Kampen for Lærdal Sjukehus er mellom sakene Sogn Regionråd har engasjert seg i. Frå venstre ordførarane Marta Finden Halset, Vik, Olav Ellingsen, Aurland, Torodd Urnes, Luster, Arne Sanden, Lærdal, og Jarle Aarvoll, Sogndal. Fotomontasje: NRK.

Kampen for Lærdal Sjukehus er mellom sakene Sogn Regionråd har engasjert seg i. Frå venstre ordførarane Marta Finden Halset, Vik, Olav Ellingsen, Aurland, Torodd Urnes, Luster, Arne Sanden, Lærdal, og Jarle Aarvoll, Sogndal. Fotomontasje: NRK.

Sogn Regionråd vart skipa i 1992 som eit samarbeidsorgan mellom ni kommunar i midtre og indre Sogn: Høyanger, Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Sidan 1995 har regionrådet hatt dagleg leiar i full stilling.

Rådet har normalt åtte møte i året der kommunane drøftar saker av felles interesse og kjem med fråsegner kring regionale og nasjonale saker av særskild interesse for regionen.

Høyanger gjekk ut av regionrådet i 2006, ei utmelding som dei grunngav med at dei hadde fleire interesser felles med Sunnfjord og sognekommunane vestanfor seg enn med midtre og indre Sogn. No er Høyanger med i Sunnfjord Næringsutvikling og Reisemål Sunnfjord. Årdal kommune gjekk ut av Sogn Regionråd i 2009.

Innanfor regionen har kommunane Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skipa eit tettare samarbeid – ÅLAV – der medlemskommunane m.a. samarbeider om HMT, IKT og andre administrative kommunale styringssystem.

Sognekommunane samarbeider elles tett i den kommunale renovasjonsordninga gjennom selskapet Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap - SIMAS - som vart starta i 1994.

SIMAS i Festingedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

SIMAS i Festingedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015