Hopp til innhold
X
Innhald

Statens Biltilsyn i Sogn og Fjordane

Sogndal trafikkstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal trafikkstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter kvart som bilen vart teken i bruk som framkomstmiddel tidleg på 1900-talet, vart det trong for statstilsette bilsakkunnige som sytte for at folk avla prøve og fekk sertifikat før dei sette seg bak rattet. Heilt fram til 1939 vart Sogn og Fjordane dekt frå Statens Bilsakkunnige sitt kontor i Bergen.

Bilsakkunnige reiste til avtalte tider kringom i fylket og heldt køyreprøver med folk som hadde meldt seg på. Lokale sjåførskular fanst ikkje i fylket før ut på 1960-talet. Før den tid var sjåfør-kandidatane sjølvlærte. Ein kjenning med bil var læremeister, og trafikkreglane lærde dei ved å lese eit enkelt hefte.

I 1939 fekk Sogn og Fjordane eigen bilsakkunnig med kontor på Leikanger. I 1947-1948 vart det sterk strid om vegadministrasjonen skulle flyttast frå Leikanger til Førde. Eit resultat av striden var at bilsakkunnige John Loen vart flytta til Førde i 1949, og der heldt kontoret til i 20 år. I 1977 vart tenesta omorganisert til ein integrert del av Statens Vegvesen, og leiinga flytta til vegkontoret på Hermansverk.

Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Men biltilsynet har framleis (2002) kontrollstasjonar og førarprøver ved veg- og trafikkstasjonane på Nordfjordeid, i Førde og i Sogndal. Les meir om Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015