Hopp til innhold
X
Innhald

Statens Kartverk i Sogn og Fjordane

Difi held i 2012 til i denne bygningen. Men i 2013 startar bygginga av eit nytt hus som skal gje Difi til saman 110 kontor i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Difi held i 2012 til i denne bygningen. Men i 2013 startar bygginga av eit nytt hus som skal gje Difi til saman 110 kontor i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det starta som såkalla «fylkeskartkontor» i 1977, med kontorstad Leikanger. I 1986 vart Norges Geografiske Oppmåling (NGO), Norges Sjøkartverk og alle fylkeskartkontora samla i ein felles organisasjon - Statens Kartverk - med hovudbase i Hønefoss.

Trygve Heggheim var fylkeskartsjef. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trygve Heggheim var fylkeskartsjef. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trygve Heggheim har sidan starten i 1977 vore fylkeskartsjef for avdelinga i Sogn og Fjordane, som i 2002 hadde 10 tilsette på Leikanger. Frå 1977 og utover, var arbeidet med økonomisk kartverk for Sogn og Fjordane hovudoppgåva for kontoret.

Elles har kontoret ansvaret for gards-, eigedoms- og bygningsregisteret (GAB) i fylket. Kontoret har også ajour-føring av vegkart for alle offentlege vegar og alle private vegar over 50 meters lengde (V-base), og eit digitalt kartverk for alle eigedomar (DEK).

Utanom dette produserer kontoret m.a. spesielle temakart på bestilling frå offentlege etatar og private, og har forvaltningsansvaret for stadnamnlova innan fylket. Det er også sakshandsamar for fylkesmannen i klagesaker som gjeld delingslova.

Flytta til Bergen

Frå 2004 er ansvaret for tinglysingssaker overført frå sorenskrivarkontora til fylkeskartkontoret. Same året vart fylkeskartkontoret lagt ned og funksjonen flytta til Bergen, og berre få tilsette vart att i Leikanger for å skjøtte særskilde oppgåver knytt til Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015