Hopp til innhold
X
Innhald

Statens Mattilsyn

Mattilsynet si avdeling i Loen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mattilsynet si avdeling i Loen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I tillegg til dyrlegetenesta, er det veterinærar som har ansvaret for matkontroll under Statens Næringsmiddeltilsyn og dei lokale helseråda for produkt av kjøt, frukt og grønsaker, samt vasskvalitet.

Statens dyrehelsetilsyn, Statens Næringsmiddeltilsyn, Statens Landbrukstilsyn og hygiene- og matkontroll for fisk og fiskerindustri under Fiskeridirektoratet - Region Vest vert slått saman til Mattilsynet (Statens tilsyn for plantar, fisk, dyr og næringsmiddel) frå 2004.

Det nye Mattilsynet får lokalkontor i Sogndal, Førde og Måløy. I tillegg skal måløykontoret ha ei avdeling i Loen.

Mattilsynet får ansvar for tilsyn med all produksjon og sal av mat. Det nye tilsynet skal ivareta alle oppgåvene dei eksisterande tilsyna har i dag.

Statens Dyrehelsetilsyn og veterinærtenesta

Sogn og Fjordane har sidan 1962 hatt felles fylkesveterinær med Hordaland med kontor i Bergen. Under seg har fylkesveterinæren distriktsveterinærar som utøvande organ. Veterinærtenesta er no statleg, men har tidlegare sortert under kommunar og fylke.

Dyresjukdomar i Sogn og Fjordane

- om tuberkulose, bruselose, skrapesjuke, pelsdyrnæringa og sjukdom på oppdrettsfisk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015