Hopp til innhold
X
Innhald

Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane

Standarden på vegane i Sogn og Fjordane har fått eit kraftig løft sidan 1970. Dette er frå opninga av Seltatunnelen på E16 i Lærdalsdalen i juni 2003. Foto: Arild Nybø, NRK.

Statens Vegvesen har ansvaret for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegnettet og tilsyn med køyretøy og trafikantar. Etaten har også ansvar for å oppretthalde tilbodet om riksvegferjer.

Militærvesenet ansvarleg for vegane

Etter gamal tradisjon frå dansketida, var bygging og drift av veganlegg heilt fram til 1864 i hovudsak organisert av det militære.

Frå militær til sivil vegadministrasjon

- historia frå den nye veglova i 1851 fram til omorganiseringa av vegstellet i 2002.

Brøyting av Sognefjellsvegen. Det kan ta si tid å få opna vegen att etter snørike vintrar. I moderne tid blir GPS brukt som hjelpemiddel for å finne att vegbana, i tillegg til brøytestikkene. Her held fresen på med å brøyte seg gjennom Korpabakken 1360 m.o.h. Foto: Kjartan Kvien.

Lokale vegkontor i Sunnfjord og Nordfjord

I 1838 vart det som nemnt, tilsett åtte veginspektørar i Sogn og Fjordane. Desse inspektørane sorterte under amtmannen (fylkesmannen) og hadde overoppsynet med bygging og vedlikehald av lokale vegar i sine distrikt.

Administrasjonsbygningen til Statens Vegvesen i Askedalen på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Riksvegar vert fylkesvegar

Frå 2010 er ansvaret for dei fleste riksvegane i Sogn og Fjordane overført frå Staten til fylkeskommunen. 

Dei vegane som framleis er riksvegar er E39 (Kristiansand–Trondheim) frå Hordaland grense til Møre og Romsdal grense, E16 (Oslo–Bergen) frå Oppland grense til Hordaland grense, Rv. 13 frå Vikafjellet til Vangsnes, riksveg 55 frå Hella til Sogndal, rikssveg 52 Hemsedalsfjellet–Borlaug, riksveg 5 frå Lærdal via Skei til Florø og riksveg 15 Strynefjellet–Måløy.

Ferjestrekka Oppedal–Lavik, Anda–Lote, Vangsnes–Hella–Dragsvik og Mannheller–Fodnes er riksvegferjesamband.

Vegstasjonar og biltilsyn

Frå 1966 vart det skipa fem vegstasjonar. I 1939 fekk Sogn og Fjordane eigen bilsakkunnig med kontor på Leikanger.

Den første vegsjefen i Sogn og Fjordane, Christopher Engebreth Borch, med familie. Til høgre den første vegsjefen i Sogn og Fjordane, Christopher E. Borch,med familie.  Vegsjefen til høgre, i midten kona Kate, og til venstre dei to borna, Christian og Sophie. Foto: Henricksen. Foto utlånt av Christian Borch.

Vegsjefar i Sogn og Fjordane

  • Christopher Engebreth Borch 1895-1924 (vegktr. oppretta)
  • Knud Knudsen 1924-1937
  • Alf Torp 1937-1956
  • Egil Abrahamsen 1956-1970
  • Rasmus Gudbrand Værn 1970-1985
  • Lars Lefdal 1985-2003 (Knut Skjånes kst. vegsjef 1985-1989)
rå 2003 har ikkje Sogn og Fjordane hatt eigen vegsjef.

Vegsjefar i Region Vest:

  • Ole Christian Torpp 2003-2007
  • Olav Ellevset 2007-2011
  • Paal Fosdal (konstituert) 2011
  • Helge Eidsnes 2011-

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.04.2018