Hopp til innhold
X
Innhald

Trygdeetaten

Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane har det overordna og ansvaret for trygdekontora, Hjelpemiddelsentralen i Førde, arbeidslivssenteret, og rekneskapssentralen for heile den norske trygdeetaten.

Skipa i 1991

Fylkestrygdekontora i Noreg vart skipa i 1990 og 1991, og fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane kom på plass i Leikanger i 1991. Kontoret held til i Aarskogbygget på Hermansverk, og har det overordna administrative og faglege ansvaret for dei lokale trygdekontora i kvar kommune.

Frå 1991 har det skjedd ei sterk delegering av mynde frå det sentrale Rikstrygdeverket, slik at fylkestrygdekontora er klage- og ankeinstans for dei fleste saker som gjeld praktisering av Folketrygda. Frå 1. juli 2006 er AETAT (arbeidsformidlinga) og trygdeetaten slegne saman til NAV .

Hjelpemiddelsentralen

Frå og med 2002 har fylkestrygdekontoret overteke det administrative og faglege ansvaret for Hjelpemiddelsentralen i Førde. Denne låg tidlegare under fylket, men vart overført til Staten samstundes med omorganiseringa av sjukehustenesta.

I 2002 vart det skipa såkalla arbeidslivssentra i fylka. Desse skal ivareta saker som kjem under avtalen om eit inkluderande arbeidsliv. Arbeidslivssenteret er lagt til fylkestrygdekontoret.

Fylkestrygdedirektørar i Sogn og Fjordane:

  • 1991-1993 Bjarne Venjum
  • 1994-2006 Tore Thorsnes

Rekneskapssentral for den norske trygdeetaten

Som ein lekk i utflytting av statsinstitusjonar frå Oslo, er rekneskapssentralen for heile den norske trygdeetaten frå årskiftet 2002 /2003 plassert på Leikanger. Sentralen har ansvaret for all fakturering og rekneskapsføring og lønsutbetalingane til kring 7000 tilsette.

Kontoret får fullt utbygt kring 35 tilsette, og sorterer under fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015