Hopp til innhold
X
Innhald

Vegstasjonar og biltilsyn

Vegstasjonar

Frå 1966 vart det skipa fem vegstasjonar med vegmeister som leiar i Lærdal, Hermansverk, Vadheim, Førde og Nordfjordeid. Stasjonane har ansvaret for drift og vedlikehald i sine distrikt. Frå 1974 vart det skipa ein eigen vegstasjon for ytre Nordfjord på Bryggja.

Statens Biltilsyn i Sogn og Fjordane

Etter kvart som bilen vart teken i bruk som framkomstmiddel tidleg på 1900-talet, vart det trong for statstilsette bilsakkunnige som sytte for at folk avla prøve og fekk sertifikat før dei sette seg bak rattet.

Les meir om: Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015