Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandskomitéen

Ingvald Ulveseth var leiar i Vestlandskomitéen.

Ingvald Ulveseth var leiar i Vestlandskomitéen.

Som ein lekk i arbeidet med distriktsutbygging og utvikling i næringsfattige strok av landet, vart det på 1960-talet sett ned såkalla landsdelsplankomitéar som skulle forme ut overordna landsdelsplanar for heile landsdelen, på tvers av fylkesgrenser. For Vestlandet sin del munna dette arbeidet ut i Vestlandsplanen.

Landsdelskomitéen for Vestlandet var i arbeid frå 1965 til 1970 og gjekk under namnet Vestlandskomitéen. Komitéen hadde medlemer frå Hordaland, Bergen og Sogn og Fjordane fylke. Seinare fylkesmann og statsråd Ingvald Ulveseth var leiar for komitéen som hadde fylkesmann Nikolai Schei og Leif Iversen frå Vågsøy som medlemer frå Sogn og Fjordane.

Eit resultat av idéskapinga i Vestlandskomitéen var skipinga av Utviklingsselskapet for Næringslivet på Vestlandet – UNV i 1966. UNV vart skipa for å knyte betre kontakt mellom forsking, offentleg sektor og næringsliv i landsdelen og hadde fylke og kommunar som medlemer saman med kring 600 bankar og private næringsverksemder. Selskapet vart leia av siviløkonom Harald Smedal og hadde kontor i Bergen. UNV vart lagt ned i 1994.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015