Hopp til innhold
X
Innhald

4H

4H-leir i Breim. Foto: Steinar Lote, NRK.

4H-leir i Breim. Foto: Steinar Lote, NRK.

Så tidleg som i 1904 vart det løyvd pengar til kurs som skulle få norsk ungdom interessert i dyrking av grønsaker.

Tanken var at dei både skulle delta i sjølvberginga og samstundes vere med på å innføre nye grønsaksortar i hushaldet. I Sogn og Fjordane var det nokre eldsjeler som fekk skipa til nokre få kurs. Men det viste lite att. Det var først då 4H-klubbane vart skipa frå midten av 1950-talet at aktiviteten auka. I 1956 var det starta 26 4H-klubbar med til saman 422 medlemmer kringom i fylket. I 2012 var det 77 klubbar og 1965 medlemer i Sogn og Fjordane.

Til Noreg i 1926

4H er ei verdsomspennande rørsle som starta i USA i 1902 og har lag i meir enn 80 land. I Noreg starta dei første 4H-klubbane i 1926. 4H hadde i 1997 800 klubbar med i alt kring 20.000 medlemer over heile landet.

Grønsakdyrking og dyrerøkt

Grønsakdyrking og dyrerøkt

Dei fire H-ane står for «klårt Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse». 4H-klubbane i Sogn og Fjordane konsentrerte seg dei første åra om opplæring i grønsakdyrking og dyrerøkt. Sesongen vart gjerne avslutta med haustfest med underhaldning og utstilling og premiering av avlinga til kvart medlem. Dei som valde husdyr som arbeidsopgåve, måtte vise fram arbeidsbok for fóring og stell, og gjerne ullprodukt, flesk eller egg dersom det var sau, gris eller høns som hadde vore oppgåva for året.

Allsidig aktivitet

Frå Landbruksselskapet kom 4H-konsulenten på vitjing for vurdering og dømming av den einskilde «utstillingsstand». Dei beste produkta fekk kvit sløyfe. Med åra har den praktiske aktiviteten i 4H-klubbane vorte mykje utvida til både skogbruk, natur og utmark, sjøbruk, miljø, kosthald, handverk, husflid og organisasjonsarbeid.

Høgdepunktet for mange 4H-arar er å vere på leir. Foto: Kari Anne G. Årset.

Høgdepunktet for mange 4H-arar er å vere på leir. Foto: Kari Anne G. Årset.

Årlege fylkesleirar

I 1954 vart cand. agr. Arne H. Dalen tilsett som den første 4H-konsulenten i Sogn og Fjordane. Ei viktig oppgåve for 4H-konsulenten var å skipe til dei årlege fylkesleirane for 4H-ungdomen. Frå 1955 har Landbruksselskapet oppnemnt eit eige 4H-utval med representantar for ulike organisasjonar innan landbruksnæringa.

Stemning i teltet på 4H-leir. Foto: 4H.

Stemning i teltet på 4H-leir. Foto: 4H.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015