Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første landbruksorganisasjonane

Minnestein over

Minnestein over

Dei første organisasjonane som fekk betydning for norsk landbruk, vart skipa i Opplysningstida på 1700-talet og første halvdel av 1800-talet.

Eit viktig mål for denne rørsla var å reformere og modernisere jord- og hagebruk ved m.a. å ta i bruk nye vekstar som t.d. poteter, grøfting av vassjuk jord, skikkeleg gjødsling og vekselbruk.

Opplysningstid-idéane breidde seg frå Kontinentet og England til norske bygder først og fremst gjennom embetsstanden og det jordeigande borgarskapet i byane. I Sogn og Fjordane som elles i landet, var nemleg ein stor del av jorda eigd av velståande byborgarar. Bøndene var leiglendingar, mange stader til langt inn på 1800-talet, då dei kjøpte gardane fri.

Utover på landsbygda var oftast soknepresten den næraste embetsmannen til folk flest. Mange prestar var inspirerte av dei nye idéane om folkeopplysning. Dei kom difor til å spele ein aktiv rolle både ved innføring av dei første folkeskulane – og ikkje minst som pådrivarar for betre driftsformer i jordbruket. Her stod innføringa av poteta i åkerhaldet sentralt. Difor vart desse prestane ofte kalla «potetprestar».

Potetprestane

Dei mest kjende «potetprestane» i Sogn og Fjordane var Hans Carsten Atche (sjå denne under Kjende personar i Lærdal fødde år 1600-1800) i Lærdal, Peder Pavels Aabel i Sogndal, Niels Normann på Leikanger, Edvard Andreasson Quale i Luster og Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik:

Atche var truleg ein av dei første som innførte poteta til Noreg på 1750-talet, Niels Normann vart ein pionér innan fruktdyrkinga, og Niels Griis Alstrup Dahl fekk i stand der første store utskiftinga i landbruket i fylket.

Men det var ikkje berre prestane som var aktive opplysningsfolk: Kaptein Gerhard Christofferson Munthe i Luster var også tidleg ute med poteter då han sette dei første potetene på garden sin i Kroken i 1765. Den danske kyrkjesongaren Apollonius Liljedahl i Vik tok med seg podingskunsten frå Danmark og starta den første planteskulen for frukt i Sogn, og den jordbruksinteresserte sorenskrivaren på Tysse i Fjaler, Nils L. Landmark starta både ein privat jordbruksskule og dreiv folkeopplysning i vid forstand i kring heile Dalsfjorden.

Landhusholdningsselskap

Ein viktig stimulans som vart nytta både av såkalla sogneselskap, landhusholdningsselskap, «nyttige selskap» og kva dei elles kalla seg, var premiering for framståande resultat.

Det Nyttige Selskap, som vart skipa i Bergen i 1774, var eitt av dei første i landet av desse desse ideelle organisasjonane frå Opplysningstida. Det delte m.a. ut pengepremiar til bønder i Sogn og Fjordane som hadde fått til noko ut over det vanlege.

Men mange av desse laga døydde ut då embetsstanden frå 1814 og utover vart avløyste av bønder i styre og stell: «Nyttige selskap», «sogneselskap» og liknande var noko som høyrde embetsmannsstyret til og som bøndene ville fri seg frå.

Hesjing før bøndene kunne ta i bruk hesjestreng, truleg rundt 1890. Foto: K. Knudsen. Eigar: UiB - Knudsensamlingen.

Hesjing før bøndene kunne ta i bruk hesjestreng, truleg rundt 1890. Foto: K. Knudsen. Eigar: UiB - Knudsensamlingen.

Det Kgl. Selskap for Norges Vel

Det som kom i staden, var ein meir fasttømra organisasjon, skipa som ein landsomfemnande organisasjon med regionale avdelingar og lokalavdelingar heilt nede på bygdenivå: Det Kgl. Selskap for Norges Vel, skipa i 1809, med 26 distriktskommisjonar og med lokale sokneselskap som ytste ledd. Det vart distriktskommisjonane som på mange vis var forløparen til det som seinare vart landbruksselskap for kvart fylke, men det skulle vise seg å verte tungt å nå fram dit.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for «Norges Vel» var å kveikje interessa for nye driftsformer i jordbruket som på denne tida vart drive etter utgamle metodar: Det som skulle vere den beste jorda låg oppdelt i knøttsmå, utpinte og valstelte småteigar nede i bygda, medan bøndene måtte klive i stupbratte fjell heilt opp under snøgrensa for å sanke fór frå utslåtter.

Husdyra svalt i hel i fórknipa om våren, og den gamle ordninga med årbyte – d.v.s. årleg byte av jordteigar grannar imellom – gjorde at jorda på gardsbruka vart utpint, vassjuk og vanstelt.

Folk hadde heller ikkje kunnskapar om vekselbruk, grøfting eller gjødsling, og poteta var lite kjend i Sogn og Fjordane før ein kom eit stykke ut på 1800-talet.

Distriktskommisjonar og sokneselskap

På Vestlandet vart Bergen by, Hordaland og Sogn og Fjordane samla under ein distriktskommisjon i 1811. Det Nyttige Selskap i Bergen valde likevel å stå utanfor og drive verksemda si vidare som før fordi dei ikkje ville innordne seg etter Norges Vel sine lover og økonomistyring.

Distriktskommisjonen for Vestlandet starta straks arbeidet med å byggje ut eit lokalt organisasjonsapparat gjennom såkalla bygdekommisjonar – eller sokneselskap. Det var embetsmenn og folk frå overklassen som fekk oppgåva med å skipe slike kommisjonar:

I Sogn og Fjordane var det storbonde og kaptein e>10 Alle desse sokneselskapa vart skipa frå 1811 til 1813.

Tysse i Fjaler sett frå Holmedal. Garden på sørsida av Dalsfjorden vart eit mønsterbruk då sorenskrivar Niels P Lazndmark eigde den. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tysse i Fjaler sett frå Holmedal. Garden på sørsida av Dalsfjorden vart eit mønsterbruk då sorenskrivar Niels P Lazndmark eigde den. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik og Tysse vart føredøme

Men ikkje alle leiarane i sokneselskapa var like aktive: Best resultat kunne prost Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik og sorenskrivar Niels P. Landmark på Tysse i Fjaler vise til:

Sorenskrivar Landmark dyrka storgarden Tysse opp til eit mønsterbruk der han m.a. planta almetre som kunne brukast for lauving til dyrefór og for flekkjing av almebork i «borkebrødstider». Han var den første i dette distriktet som starta organisert skogplanting, systematisk feavl og fruktdyrking. I fleire år dreiv Landmark også ein slags «jordbruksskule» for unge gutar som fekk opplæring i dei moderne jordbruksmetodane på garden Tysse.

Niels Griis Alstrup Dahl sette i gang ei stor nydyrking då han tok over prestegarden i Eivindvik. Han bygde eit fleire kilometer langt steingjerde ikring innmarka som ein kan sjå restar etter den dag i dag, og han fekk bøndene i heile prestegjeldet med på eit av dei første store jordskifteprosjekta i den unge nasjonen. Dermed fekk han bort det gamle systemet med dårleg dyrka og utpinte småteigar på årbyte, og fekk i staden samla gardsbruk der bøndene kunne auke avkastinga med betre grøfting, gjødsling og vekselbruk.

Også sokneprest Edvard Quale i Luster var ein aktiv kar, og gjorde m.a. mykje for å få i gang fruktdyrking i bygdene kring Lustrafjorden.

Landhusholdningsselskapet for Bergen By og Stift

Som nemnt ovanfor, stogga arbeidet til Norges Vel - organisasjonen nærmast opp i tida etter 1814 fordi bøndene viste lita interesse for denne «overklassetyrte» rørsla. Distriktskommisjonen for Vestlands-fylka hadde sitt siste møte i 1819.

Aktiviteten låg nede i 10 år inntil Norges Vel fekk nye lover i 1829 og vart omorganisert, m.a. slik at landhusholdningselskapa skulle få større sjølvstyre både over pengar og tiltak.

Landhusholdningsselskapet for Bergen By og Stift vart skipa den 8. januar 1831. Det omfatta også Sogn og Fjordane. Men alle dei fem styremedlemmene var frå Bergen, ingen frå Sogn og Fjordane.

Dei som i denne venda fekk oppmoding om å blåse liv i gamle sokneselskap og skipe å nye, var oberst Hans Holck i Lavik, prost Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik, sorenskrivar Niels L. Landmark i Fjaler, futen Kjende personar i Førde fødde år 1700-1800 i Førde og prost Niels Nikolai Nielsen på Nordfjordeid.

Denne offensiven førde til at det vart skipa sokneselskap i Lavik, Holmedal, Førde og Sogndal, men dårleg økonomi gjorde at det var lite desse selskapa fekk gjort. Dessutan sleit ein framleis med oppslutninga frå bøndene som heller ikkje var representerte i dei styrande organa.

Himalayabygg og jordbrukslærar

Einskilde av tiltaka til distriktskommisjonane kan elles synast tilfeldige og lite gjennomtenkte. Såleis vart det eitt år sendt ut frø for dyrking av hardfør himalayabygg. Den skulle verte matberging i kalde uår – trudde ein. Men einskilde av mottakarane fekk berre 20-30 korn for såing, og forsøket vart heilt mislukka.

Nordre Bergenshus Amts Landhusholdnings-selskap

Den som fekk gjort mest i denne fasen, var prost Peder Pavels Aabel i Sogndal: Gjennom Sogndal sokneselskap fekk han tilsett den første vandrelæraren i jordbruk her i fylket, Elling Rasmussen Aaberge, som arbeidde som omreisande jordbrukslærar på gardane i Sogndal frå 1832 til 1834.

Nordre Bergenshus Amts Landhusholdnings-selskap

I 1848 vart Landhusholdningsselskapet for Bergens By og Stift lagt ned, og det skulle gå heile ni år før det vart skipa eit eige landbruksselskap for Sogn og Fjordane.

Den viktigaste grunnen til denne likesæla var nok framleis dei tunge embetsmanns- og overklassetradisjonane som hefta ved verksemda, og at bøndene enno ikkje fann nytte i å føre desse tradisjonane vidare.

Det hende lite før amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert etter oppmoding frå Selskapet for Norges Vel fekk skipa Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap den 28. april 1857. På skipingsmøtet teikna berre 42 bønder seg som medlemmer, men seinare på året kom det til 41 nye.

I siste halvdel av 1800-talet hadde «Bondevenrørsla» kring stortingsmann Søren Jaabeck si blømingstid. Offentleg sparsemd var den viktigaste kampsaka for bondevenene.

I Sogn og Fjordane fekk sparepolitikken jamvel verknad for bøndene sin einaste lokale fagskule – Mo jordbruksskule i Førde, starta av fylket i 1858. Denne ville det då bondedominerte fylkestinget leggje ned. Den vart berga av landbrukslærar Martin Luther Storm, som dreiv den som privatskule frå 1873 til 1907.

Også i tilslutninga til det nye Nordre Bergenshus Amts Landhusholdningsselskap og lokale landboforeningar vert desse negative haldningane til offentleg styring og offentlege utgifter reflektert i ein mager medlemsmasse: I 1887 var fanst det berre seks lokallag i heile fylket, og alle i Fjordane.

Slik kom foret i hus før i tida. Leif Hop med ei høybør på Hop i Solund i 1948. Foto: Borghild Leirvåg. Eigar: Leif Hop/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Slik kom foret i hus før i tida. Leif Hop med ei høybør på Hop i Solund i 1948. Foto: Borghild Leirvåg. Eigar: Leif Hop/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.09.2018