Hopp til innhold
X
Innhald

Det Kgl. Selskap for Norges Vel

Det som kom i staden for dei embetsmannsstyrte selskapa, var ein meir fasttømra organisasjon, skipa som ein landsomfemnande organisasjon med regionale avdelingar og lokalavdelingar heilt nede på bygdenivå:

Det Kgl. Selskap for Norges Vel, skipa i 1809, med 26 distriktskommisjonar og med lokale sogneselskap som ytterste ledd.

Det vart distriktskommisjonane som på mange vis var forløparen til det som seinare vart landbruksselskap for kvart fylke, men det skulle vise seg å verte tungt å nå fram dit.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for «Norges Vel» var å kveikje interessa for nye driftsformer i jordbruket, som på denne tida vart drive etter utgamle metodar: Det som skulle vere den beste jorda låg oppdelt i knøttsmå, utpinte og valstelte småteigar nede i bygda, medan bøndene måtte klive i stupbratte fjell heilt opp under snøgrensa for å sanke fór frå utslåtter.

Husdyra svalt i hel i fórknipa om våren, og den gamle ordninga med årbyte – d.v.s. årleg byte av jordteigar grannar imellom – gjorde at jorda på gardsbruka vart utpint, vassjuk og vanstelt. Folk hadde heller ikkje kunnskapar om vekselbruk, grøfting eller gjødsling, og poteta var lite kjend i Sogn og Fjordane før ein kom eit stykke ut på 1800-talet.

Distriktskommisjonar og sokneselskap

På Vestlandet vart Bergen by, Hordaland og Sogn og Fjordane vart samla under ein distriktskommisjon i 1811. Det Nyttige Selskap i Bergen valde likevel å stå utanfor og drive verksemda si vidare som før, fordi dei ikkje ville innordne seg etter Norges Vel sine lover og økonomistyring. Distriktskommisjonen for Vestlandet starta straks arbeidet med å byggje ut eit lokalt organisasjonsapparat gjennom såkalla bygdekommisjonar – eller sokneselskap.

Det var embetsmenn og folk frå overklassen som fekk oppgåva med å skipe slike kommisjonar:

I Sogn og Fjordane var det storbonde og kaptein Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr som fekk oppgåva, i Eivindvik prost Niels Griis Alstrup Dahl, i Leikanger sokneprest Anders Daae, i Luster sokneprest Edvard Quale og i Indre Holmedal sorenskrivar Niels L. Landmark. Alle desse sokneselskapa vart skipa frå 1811 til 1813.

Eivindvik og Tysse vart føredøme

Men ikkje alle leiarane i sokneselskapa var like aktive: Best resultat kunne prost Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik og sorenskrivar Niels P. Landmark på Tysse i Fjaler vise til:

Sorenskrivar Landmark dyrka storgarden Tysse opp til eit mønsterbruk der han m.a. planta almetre som kunne brukast for lauving til dyrefór og for flekkjing av almebork i «borkebrødstider» . Han var den første i dette distriktet som starta organisert skogplanting, systematisk feavl og fruktdyrking.

I fleire år dreiv Landmark også ein slags «jordbruksskule» for unge gutar som fekk opplæring i dei moderne jordbruksmetodane på garden Tysse. Niels Griis Alstrup Dahl sette i gang ei stor nydyrking då han tok over prestegarden i Eivindvik. Han bygde fleire kilometer langt steingjerde ikring innmarka som ein kan sjå restar etter den dag i dag, og han fekk bøndene i heile prestegjeldet med på eit av dei første store jordskifteprosjekta i den unge nasjonen.

Dermed fekk han bort det gamle systemet med dårleg dyrka og utpinte småteigar på årbyte, og fekk i staden samla gardsbruk der bøndene kunne auke avkastinga med betre grøfting , gjødsling og vekselbruk.

Også sokneprest Edvard Quale i Luster var ein aktiv kar, og gjorde m.a. mykje for å få i gang fruktdyrking i bygdene kring Lustrafjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015