Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Mållag

Firda Mållag vart skipa 1. april 1899 på eit møte i Florø.Haakon Aasvejen og Elias Melvær stod sentralt i skipinga av laget.

Firda Mållag vart skipa 1. april 1899 på eit møte i Florø.
Haakon Aasvejen og Elias Melvær stod sentralt i skipinga av laget.

Elias Melvær vart vald til første formann. Laget sitt arbeidsfelt var kommunane i Nordfjord og Sunnfjord, og om lag 100 personar stod direkte innmelde i laget dei første åra.

I samarbeid med lokale ungdomslag skipa Firda Mållag mellom anna til talarferder for sentrale folk frå den nasjonale målrørsla. Laget dreiv også kveldsskular og årlege «målmarknader» kringom i bygdene. Fleire lag bygde opp nynorske barneboksamlingar for utlån, og medlemmene var flittige seljarar av «Norsk barneblad» og andre nynorske hefte som var i omløp. Andre reiste som bokseljarar kring om i bygdene.

Lokale mållag

Etter kvart vart det skipa ei mengd lokale mållag innanfor Firda Mållag sitt distrikt, Medlemmene vart no tilmelde direkte til lokallaga. Firda Mållag fekk no rollen som overbygging og regionlag innanfor Noregs Mållag. Det første lokale mållaget var «Målringen» i Eikefjord i Sunnfjord i 1904. Dei fylgjande åra kom det lokallag i Oppstryn, Gloppen, Naustdal, Viksdalen og Jølster - det siste fekk frå starten 100 medlemmer.

Kvass målstrid i Måløy

Ei av dei sentrale kampsakene forutan innføring av nynorsk i skule og kommunestyring, var striden kring dei såkalla «Blix-salmane» i gudstenesta. Den hardaste striden kring innføring av nynorsk undervisningsmål i folkeskulen kom i Måløy, eit blømande fiskeri- og handelssenter tidleg på 1900-talet: Etter hard strid vann riksmålsfolket fram med kravet om å innføre riksmål på ny, både som undervisningsmål i folkeskulen og som administrasjonsmål i Sør-Vågsøy kommune. For å hindre vidare spreiing av «riksmålsbylgja» frå Måløy, fekk Firda Mållag i ein fei skipa lokale mållag både i Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og Selje.

Medskipar av Firda Gymnas

Medskipar av Firda Gymnas

På eit årsmøte i Florø i 1920 tok Firda Mållag opptaket til Firda Gymnas, som vart opna på Sandane i 1922. Det var ei nemnd med medlemmer frå Firda Mållag, Firda Ungdomslag og Sunnfjord Ungdomslag som førebudde søknaden om skiping av gymnaset på Sandane. Stortingsmann Elias FaleideElias Faleide og seinare stortingsmann Anders A. Lothe vart valde inn i styringsgruppa frå Firda Mållag. Særleg Anders Lothe spela ein sentral rolle i skipinga av gymnaset på Sandane.

Firda Gymnas vart eitt av dei første «nynorske» gymnasa i landet, og starta som 3-årig gymnas med ei latinline og realline. Gymnaset fekk eige skulebygg i 1923.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015