Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Ungdomslag

Firda Ungdomslag vart skipa på eit møte i Stryn den 7. febuar 1896.

Firda Ungdomslag vart skipa på eit møte i Stryn den 7. febuar 1896.

I den nasjonale reisingstida på 1870- og 1880-talet vart det skipa ei mengd frilynde ungdomslag kringom i bygdene. Folkeopplysning, nasjonalkjensle, målsak og fråhaldssak stod sentralt i rørsla som hadde sterke band mot partiet Venstre. Firda Ungdomslag vart skipa på eit møte i Stryn den 7. febuar 1896.

Men frøet til dette regionale ungdomslaget var sådd på eit ungdomsstemne som vart skipa til på Sandane i september 1894. Her tala sentrale målfolk som Elias Melvær, Anders Vassbotn, Rasmus Steinsvik og Jon O. Ytrehorn. Lars Reed frå Gloppen vart valt til første formann, og etter eit halvt år overtok Jon Fridtun.

Firda Ungdomslag hadde frå starten innmeld 17 lokallag frå Nordfjord og Sunnfjord med i alt 624 medlemmer. Kvart lag hadde handskrivne lagsaviser, og dei fleste bygde seg eigne ungdomshus i åra fram mot 2. verdskrig.

Eige foredragslag

Firda Ungdomslag hyrte den første tida inn ein nynorsktalande prest som reiste på foredragsferd kringom i bygdene og mellom anna argumentere for bruk av nynorske salmar i gudstenesta.

I 1909 skipa Firda Ungdomslag Nordfjords Foredragslag som fekk statstilskot til omreisande foredragshaldarar. I 1910 slutta Nordfjord krins av Norges Kristlige Ungdomsforbund (NKUF) seg til Nordfjords Foredragslag. På dei første 12 åra skipa laget til heile 550 foredrag kringom i Nordfjord-bygdene.

Kamp mot runddans, tobakk og alkohol

Firda Ungdomslag arbeidde elles iherdig for å forby rusdrykk frå dansefestane, og tok aktivt del i den nasjonale striden som førde til forbodstida 1916-1927, då mest all lovleg omsetnad av alkohol i Noreg vart forbode. I 1920 vedtok styret samrøystes å arbeide aktivt imot bruk av tobakk. Saman med Nordfjord Distriktslosje oppmoda dei kommunestyra om å få sett forbod mot handel med sigarettar og snus, og røykjeforbod på offentlege møte.

Laget dreiv elles kurs i folkedans for å få ungdomen bort frå den meir moderne runddansen som laget meinte var «unorsk».

Firda Gymnas

Firda Ungdomslag spela ein aktiv rolle ved skipinga av Firda Gymnas på Sandane i 1922. – Les meir under Firda Mållag.

Nordfjord Folkemuseum i Jølet på Sandane. Foto: Ottar Starheim

Nordfjord Folkemuseum i Jølet på Sandane. Foto: Ottar Starheim

Nordfjord Folkemuseum

I 1907 gjorde Firda Ungdomslag opptaket til skiping av Nordfjord Folkemuseum. Tanken om eit regionalt museum vart kveikt same året av konservator Kristoffer Visted, som i regi av laget hadde halde 14 foredrag om «Norsk bondekunst og bondekultur» i Nordfjord. I Gloppen var ei lokal museumsnemnd alt i arbeid då framlegget om eit samlande museum for Nordfjord kom opp.

Nordfjord Sogelag vart difor skipa for å arbeide vidare med museumsplanen, men kommunestyra i Nordfjord delte seg på midten då spørsmålet om lokalisering skulle avgjerast: Fire kommunar gjekk inn for Nordfjordeid, og røysta for Sandane. Etter kvass strid fall det endelege valet i 1910 på Sandane, og museet opna i 1920 i Åsen sør for sentrum. Seinare vart det flytta til Jølet like ved Firda Gymnas og Firdahallen.

Eiga gjestestove i Bergen

På siste halvdel av 1800-talet flytta store flokkar bygdeungdom frå Sogn og Fjordane til Bergen og busette seg der. For å hindre at desse vart slukte av bykulturen tok Firda Ungdomslag opp tanken om å skipe eit «bondeherberge» i Bergen. I 1910 fekk laget handgjeve Sandals Hotell, men fekk ikkje bygdeungdomslaget «Ervingen» i Bergen med på eit samarbeid om kjøp.

I 1911 innleia så Firda Ungdomslag samarbeid med selskapet Norskt herbyrge som hadde eigedomen Strandgaten 53 på hand, og saman med Sunnfjord Ungdomslag, Firda Mållag og Sogns Ungdomslag vart eigedomen kjøpt og «Firda og Sygna Herbyrge» opna. I 1916 selde lutlaget eigedomen og kjøpte i staden Smeby Hotell i same gata. Her i «Firdaheimen» vart mellom anna den kjende kaffistova «Firdastova» opna i 1917.

Frå slutten av 1950-talet og i nærmare 30 år dreiv Firda Ungdomslag «Firdakafèen» ved hurtigsrutekaia på Gotteberg i Måløy. Elles ytte Firda Ungdomslag økonomisk støtte i dei første åra til skiping av Landsbanken, nynorskavisa «Gula Tidend» og «Bladmannaskulen» i Bergen.

Frå Firdastemna i 1975.

Frå Firdastemna i 1975.

Firdastemna og Nordfjordsong

Firda Ungdomslag arrangerte kvar sommar Firdastemna kring om i Nordfjord. I 1920 bydde laget ut 1000 kroner i premiar i tevling om ein Nordfjordsong. Mellom 60 innsende framlegg vann lærar Elling Reme frå Innvik, med Nordfjordsongen til Amund Mork) og Helgi Valtysson på andreplass.

Firda Ungdomslag gjekk inn i det fylkesomfemnande Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) i 1991 saman med Sunnfjord Ungdomslag og Sogn Ungdomslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015