Hopp til innhold
X
Innhald

Fråhaldsrørsla

IOGT-barnegruppe på Hafslo. Foto: Olav Reppen, utlånt av Kirstina Hillestad.

IOGT-barnegruppe på Hafslo. Foto: Olav Reppen, utlånt av Kirstina Hillestad.

Fråhaldsrørsla, med Det Norske Totalavholdsselskap (skipa 1859), I.O.G.T. (skipa 1877), Blå Kors/Kvite Band, MA – Motorførernes Avholdsforbund - har med vaksenforeningar og barnegrupper vore mellom dei største organisasjonane i Sogn og Fjordane.

Den første fråhaldsrørsla

Fråhaldsarbeidet i Noreg starta midt på 1800-talet: Forbodet mot heimebrenning vart oppheva i norske byar i 1792. I 1816 vart forbodet mot brennevinsbrenning oppheva også på landsbygda. Dette førde til ein sterk auke i alkoholkonsumet og mykje sosial naud.

Etter nokre år med frislepp var det mange, særleg opplyste prestar og embetsfolk, som såg at noko måtte gjerast dersom folk ikkje skulle gå til grunne i alkoholmisbruk.

Frå 1830 og utover innførde difor Stortinget fleire restriksjonar på brennevinsproduksjon og -omsetning, og dei første lokale måtehaldsforeningane vart skipa. Desse gjekk i 1845 saman i Den norske Forening mod Brændeviinsdrik. Bak denne landsforeninga stod teologistudenten Kjeld Andresen. Denne foreninga var i verksemd fram til 1869. Det norske Afholdsselskab var ein annan organisasjon som kom til på 1840-talet, og saman mobiliserte desse to 35.000 medlemer.

I 1851 hadde dei politiske tiltaka og arbeidet til fråhaldsfolket ført til at årskonsumet av brennevin var kome ned på seks liter pr. innbyggjar.

Opplysningsprestane først ute

Det første organiserte arbeidet mot det veksande alkoholmisbruket i Sogn og Fjordane var nok då opplysningspresten Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik for eigne midlar kjøpte skjenkestovene i Brekke i 1827 og Skjerjehamn i 1840 for å hindre at lokalfolket fekk kjøpe brennevin der.

– Les også artikkelen Brennevinsplager og prestesorger.

Elles var det på denne tida fleire prestar som i rapportar til biskopen klaga over tuskhandel med brennevin kring kyrkjene på preikesundag. Grunnen til denne usømelege handelen kring kyrkja var at det var der flest folk samlast. Einskilde stader høyrer ein at presten tok affære og fekk den lokale lensmannen til å bøteleggje «syndarane» – både dei som selde og dei som skjenkte seg på kyrkjesundag.

Det første fråhaldslaget som ein kjenner til i Sogn og Fjordane, vart skipa i Aurland i 1843 og heitte «Urlands Prestegjelds Maadeholdsforening». I 1854 skipa dei aktive haugianarane i Vevring Vevring Afholdsforening i 1854.

Lagshuset til Losje Skålefjell i Stongfjorden, bygt i 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lagshuset til Losje Skålefjell i Stongfjorden, bygt i 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totalfråhaldslaga

Men mange meinte at dersom fråhaldkampen skulle vere effektiv, måtte ein kjempe for totalforbod mot all alkohol, og ikkje berre mot brennevin: Det måtte setjast forbod også mot produksjon og omsetning av både øl og vin, og ikkje berre brennevin.

Kvekaren og privatskulelæraren Asbjørn Kloster hadde foreningar som var skipa i England og USA frå 1806 og utover som føredøme, då han i 1859 skipa Stavanger yngre Afholdenhedsforening med 120 medlemmer. I innbydingsteksten til stiftingsmøtet stod det at det skulle opprettast ei forening som påla medlemmene å halde seg borte frå brennevin, vin og øl – altså totalfråhald.

I 1875 var denne rørsla landsomfattande og fekk namnet Det Norske Totalavholdsselskap – DNT. Laget fekk sitt eige medlemsblad, Menneskevennen, som frå 1888 kom ut kvar veke. Mange av dei lokale fråhaldslaga som var skipa på «folkeleg grunnlag» kringom i Sogn og Fjordane frå 1840-talet og utover, gjekk no inn som medlemmer i DNT.

DNT – Det Norske Totalavholdsselskap

Nordfjord fylke av DNT vart skipa i 1907.

Fråhaldshovdingen Ola S. Isene frå Davik

DNT nådde toppen i 1913 med 139.500 medlemer i 1.433 lokallag. DNT var dermed ein av dei største frivillige organisasjonar i Noreg i si velmaktstid. Mykje av æra for dette hadde formannen på den tida, Sven Aarrestad.

Men han hadde også god hjelp av Ole Steffensen Isene (1867-1943) frå grenda Isane i Nordfjord. Isene var reisetalar i DNT i to år og redaktør for «Menneskevennen» frå 1906 til 1921. Han vart leiar av ein annan fråhaldsorganisasjon, indremisjonens Det Blå Kors, frå skipinga i 1906 til 1913 og frå 1920 til 1924. Frå 1924 til 1940 var Isene generalsekretær i Blå Kors, og gav elles ut ei mengd skrifter om fråhaldsrørsla.

Barnelosjen Framgang i Rimstaddalen i Vågsøy i 1920. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Barnelosjen Framgang i Rimstaddalen i Vågsøy i 1920. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Politisk kamp

Frå 1883 la DNT hovudvekta på det politiske arbeidet: Det galdt å få lover og reglar som sette forbod mot produksjon, sal og skjenking av alkohol. Kring 1880 skipa kristenfolket sine eigne fråhaldsorganisasjonar: Blå Kors vart skipa i Geneve i 1877, og det første norske laget vart skipa i Oslo i 1906.

Blå Bånd, som hadde opphav i Pittsburgh i USA i 1877, kom til Noreg i 1882 då det første laget vart skipa i Oslo. Totalfråhaldsrørsla Blå Kors vart skipa i Geneve i 1877 og fekk det første norske laget i Oslo i 1906. Blå Bånd og Blå Kors vart slegne saman i 1924. I USA danna kristne kvinner Det Hvite Bånd 1874, og i Noreg kom det første laget i 1889.

I 1895 vart Avholdsfolkets Landnevnd (frå 2003 Actis) skipa som eit samarbeidsorgan mollom dei ulike fråhaldsorganisasjonane, og saman vart dei ei svært sterk politisk lobbygruppe både mot regjering, Storting og lokale styresmakter. Avholdsfolkets Landsnevnd med Sven Aarrestad i spissen stilte jamvel med eige parti ved Stortingsvalet dette året: Avholdspartiet. I Sogn og Fjordane valde fråhaldsfolket i staden for å stille eigne vallister å øve press frå Venstre for å få inn sine folk på tinget (sjå nedanfor).

Fråhaldsrørsla i Noreg nådde den største medlemsmassen i 1919, då dei ulike organisasjonane talde til saman 257.300 medlemer.

Fråhaldsfolket kravde slutt på alkoholservering ombord i DS Kommandøren og dei andre ruteskipa til Fylkesbaatane. Eigar av foto: Fjord1.

Fråhaldsfolket kravde slutt på alkoholservering ombord i DS Kommandøren og dei andre ruteskipa til Fylkesbaatane. Eigar av foto: Fjord1.

Alkoholforbod på Fylkesbaatane

Kampen mot alkoholen vart ført både på nasjonalt og kommunalt nivå. I Sogn og Fjordane arga det fråhaldsfolket mykje at fylket sitt eige selskap – Amtsbaatane – skjenka øl og vin til passasjerane. Etter press frå fråhaldfolket vedtok fylkestinget i 1909 «indtil videre» å setje forbod mot øl- og vinservering, med unntak for turistsesongen om sommaren. Fråhaldslaga i Ytre Sogn gjekk saman i eit krinslag i 1912, og dette krinslaget blanda seg sterkt opp i partinominasjonen til Venstre ved Stortings-vala, der dei kravde å få sine folk med på listene.

Heksejakt?

Lokalt var det kan hende fråhaldsfolket i Vik og Vangsnes som gjekk mest handgripeleg til verks. I denne kommunen er det registrert heile 19 fråhaldslag, dei fleste skipa i tida frå 1899 til 1914. Mange av «aksjonane» som fråhaldfolket i Vik kommune sette i verk hadde ein snev av heksejakt og gapestokk over seg:

På Vangsnes vert det fortalt om fanatiske fråhaldsfolk som nekta folk å skjere nokre få lauvris i skogen deira når dei skulle bryggje øl. Då ein annan var i gjestebod der det vart servert konfekt med alkoholsmak, braut han konfektbiten av og la den demonstrativt frå seg urørd på tallerkenen! I Vik Totalsafholdsforening, skipa 1885, vart det ført namnelister over medlemmer «som tildels efter løse rykter ikke er å tro». Namna på desse vart førde i protokollen, og «alle disse skulde tales ved».

Fråhaldslosjen «Vikingskjold» vart skipa i Vik i 1911 etter opptak frå Hans Grov. Denne losjen var like nidkjær i jakta på fråfalne som Vik Totalsafholdsforening. Ei eiga domsnemnd straffa dei som vart tekne. I 1911 vart det ført regelrett «rettssak» med vitne og det heile mot ein kar som hadde drukke litt akevitt og heimebrent. Vedkomande ungdom møtte ikkje til «rettssaka», men vart likevel dømd til utestenging frå losjen i fleire veker. Ein annan «syndar» vart i 1916 ekskludert for «gjentagne ganger aa ha vist sig beruset inde paa offentlig butik (Rivedals), saavelsom nede på amskipsbryggen».

Ei av fleire IOGT-losjer som vart skipa i Gaular i mellomkrigstida. Som vi ser var dei kledde i losjevestar. Framme frå v. Dagny Veiteberg, Karoline Vereide, Astrid Sande, Johanna Hauken, Oline Hauken og Johanna Fossevik. Bak frå v. gjestetalaren, Johannes Systad, Jonas Flatjord, Søren (ukj. etternamn), Mathias Sande og Kristian Skagen. Foto: Hans Hauken. © Fylkesarkivet.

Ei av fleire IOGT-losjer som vart skipa i Gaular i mellomkrigstida. Som vi ser var dei kledde i losjevestar. Framme frå v. Dagny Veiteberg, Karoline Vereide, Astrid Sande, Johanna Hauken, Oline Hauken og Johanna Fossevik. Bak frå v. gjestetalaren, Johannes Systad, Jonas Flatjord, Søren (ukj. etternamn), Mathias Sande og Kristian Skagen. Foto: Hans Hauken. © Fylkesarkivet.

I.O.G.T. i Sogn og Fjordane

I.O.G.T. er den fråhaldsrørsla i Sogn og Fjordane som har gjort mest for å dokumentere den lokale lagshistori. Gjennom bøker og artiklar får ein såleis god oversikt over organisasjonslivet og arbeidsmetodane til denne organisasjonn i fylket..

I.O.G.T. først under Bergen

Den internasjonale godtemplarordenen vart skipa i 1851 og kom til Noreg i 1877 då «Første Norske» vart skipa i Porsgrunn. Den første lokale I.O.G.T.-losjen i Sogn og Fjordane vart skipa i Florø i 1887 og heitte «Florø Værn». Då distriktslosje «Fremad» vart skipa i Bergen i 1887, vart lokale I.O.G.T.-losjar både i Nordfjord , Sunnfjord og Sogn høyrande under denne fram til det vart skipa eigne distriktslojsar i Nordfjord og Sunnfjord i 1918.

Eitt av dei mest synlege merka etter I.O.G.T. på Vestlandet er «godtemplarhøgskulen» på Frekhaug i Hordaland, seinare Åsane Folkehøgskole.

Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T.

vart skipa i 1918, med Ola Sande frå Sandane som første leiar.

Sunnfjord distriktslosje av I.O.G.T.

vart skipa i 1918, men fleire losjar var i arbeid alt kring hundreårsskiftet.

I.O.G.T. i Sogn

var organisert under Distriktslojse Fremad i Bergen slik laga i Fjordane også var fram til 1918.

Juvente er ungdomsorganisasjonen til I.O.G.T. I Sunnfjord har Juvente-medlemer mellom anna demonstrert kor lett 15-åringar får kjøpe øl på butikkane. Til venstre Sunniva Kastet Johnsen, til høgre Else Kvist. Foto: Juvente.

Juvente er ungdomsorganisasjonen til I.O.G.T. I Sunnfjord har Juvente-medlemer mellom anna demonstrert kor lett 15-åringar får kjøpe øl på butikkane. Til venstre Sunniva Kastet Johnsen, til høgre Else Kvist. Foto: Juvente.

I.O.G.T. i fylket vert samla

Distriktslosjane i Sunnfjord og Nordfjord vart i 1988 slegne saman til Fjordane distriktslosje. I 1994 vart Fjordane distriktslosje og Sogn distriktslosje slegne saman til Sogn og Fjordane distriktslosje, eller I.O.G.T. i Sogn og Fjordane, som orgnisasjonen no heiter. Lokale losjar i Sogn høyrde heilt fram til denne samanslåinga under distriktslosje Fremad med hovudsete i Bergen.

Fylkeslaget gav i åra 1994–2002 ut medlemsbladet «Fjordtemplaren» med Erling Bogstad, Førde, som redaktør. Frå 2003 vart bladet eit fellesorgan for fylkeslaga til I.O.G.T., Det norske totalavholdsselskap og Kvite Band og fekk namnet «Rusfri framtid» med Erling Bogstad og Vidar Bergset som redaktørar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015