Hopp til innhold
X
Innhald

Helse- og velferdsorganisasjonar

Redningsskøyta Halfdan Grieg på oppdrag i Kalvåg. Ein skadd mann blir boren om bord. Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg.

Redningsskøyta Halfdan Grieg på oppdrag i Kalvåg. Ein skadd mann blir boren om bord. Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg.

Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning

NSSR, i daglegtale mest omtala som Redningsselskapet, vart skipa i 1891 som eit privat selskap.

Redningsselskapet

- sjå Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning.

Norske Kvinners Sanitetsforening

Norske Kvinners sanitetsforening vart skipa i 1896.

Norges Kvinne- og Familieforbund (K&F)

Christiania Hjemmenes Vel som vart skipa i 1898, var den første husmororganisasjonen i Europa.

Norges Husmorforbund

– sjå Norges Kvinne- og Familieforbund (K&F).

Norges Blindeforbund Sogn og Fjordane

Norges Blindeforbund vart skipa i 1909.

Vestlandske Blindeforbund

vart skipa i 1904 og dekte Sunnmøre, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Hovudkontoret låg i Bergen, og laget hadde reisesekretærar som heldt kontakten ut i distriktet. I 1975 vart blindes organisasjonar omorganisert til fylkeslag under Norges Blindeforbund (sjå ovanfor).

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen vart skipa i 1910, og skifta namn til Nasjonalforening for folkehelsen i 1963.

Sogn og Fjordane Røde Kors

Første lokallaget vart skipa i Olden i 1920.

Norges Handikapforbund

Norges Vanførelag vart skipa i 1931, og endra namn i 1975 til Norges Handikapforbund.

Norges Vanførelag

- sjå Norges Handikapforbund.

Mannskap frå Norsk Folkehjelp i påskeberedskap på Tyinosen i Årdal. Foto: Norsk folkehjelp.

Mannskap frå Norsk Folkehjelp i påskeberedskap på Tyinosen i Årdal. Foto: Norsk folkehjelp.

Norsk Folkehjelp

vart skipa i 1939, og har berre eitt lokallag i Sogn og Fjordane, i Årdal.

Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke

LHL, vart skipa i 1943 under namnet Tuberkuløses Hjelpeorganisasjon.

NFU – Norsk Forbund for Utviklingshemmede

fekk fylkeslag i Sogn og Fjordane i 1973.

Sogn og Fjordane Pensjonistlag

vart skipa i 1972 med Gudleik Førde frå Høyanger som første leiar.

LOP, Landslaget for offentlege pensjonistar

vart skipa i 1939 for tilsette i Staten, og er den eldste interesseforeninga for pensjonistar i Noreg. I 2006 vart det skipa fylkesavdeling av dette laget.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Det første krisesenteret for mishalda og valdtekne kvinner i Noreg vart skipa i Oslo i 1978.

Pågangen etter opphald på krisesenteret er av og til så stor at leikerommet må takast i bruk som overnattingsrom. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Pågangen etter opphald på krisesenteret er av og til så stor at leikerommet må takast i bruk som overnattingsrom. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015