Hopp til innhold
X
Innhald

Indremisjonen i Sogn

Haugianarane og feigianarane i Luster

Haugianarane og feigianarane i Luster

Utanom Svanøy (sjå Haugianarane på Svanøy) og dei nordlege bygdene i Sunnfjord og i Gloppen i Nordfjord, så vart Luster det sterkaste festet for Hauge-rørsla i Sogn. Hans Nielsen Hauge vitja Hafslo og Luster i 1802 etter oppmoding frå «venene» Johannes Fuglestig og Ola Fortun, og kom tilbake på ny vekkjingsferd i dei same bygdene i 1804. Erik Venjum frå Hafslo vart ein av leiarane for haugianarane på Vestlandet, og Kristi Kristensdotter Morki og Peder Steen var begge framståande lekpredikantar for rørsla.

Hans Feigum (1798–1874) braut i 1830 med haugianarane og skipa si eiga og sterkt religiøse rørsle som vart kalla «Feigianisma». Den vart utbreidd vide omkring i Sogn og i Austlands-dalane før den døydde ut på 1870-talet. På 1920-talet dukka det også opp ei sterkt konservativ, kristleg rørsle i Sogndal som kalla seg «Blåbokianarane».

Namnet hadde dei frå ei bok som ein kjøpmann i Haugesund, Peder Amlie, hadde skrive på 1870-talet. Blåbokianarane vart rekna som svært «ortodokse» haugianarar, og kalla seg sjølve «Hans Nielsen Hauges Venner» og «Dei heilage».

Dei kjempa m.a. imot innføring av landsmål (nynorsk) som dei hevda kom frå helvete, og både Blix-salmane og nynorsk salmebok var «djevelen sine gjerningar». Dei fann m.a. sine åndsfrendar i ei gruppe i Vestfold som kalla seg jarlsbergianarar. Blåbokianarane hadde kjerneområdet sitt på øyane vest for Bergen. Alle desse «Hans Nielsen Hauges Venner» sytte også for å få trykt opp Martin Luthers originalutgåve av det Det nye testamente. - Les meir om haugianarane i fylket i eigne artiklar under Flora kommune, Naustdal kommune, Gloppen kommune, Sogndal kommune, og om haugianarane og feigianarane under Luster kommune.

Bø misjonsforening i Hyllestad.

Bø misjonsforening i Hyllestad.

Misjonslaga i Sogn først delt, så samla

I midtre Sogn gjekk dei lokale misjonslaga saman i fellesforening i 1865, og ei tilsvarande regional fellesforening vart skipa i ytre Sogn i 1876. Indresogningane organiserte seg i Indre Sogn Indremisjonssamskipnad i 1945. Men medan midtre Sogn krins valde å gå inn i Den Norske Lutherstiftelsen (seinare kalla Norsk luthersk indremisjonsforbund), valde krinsane i indre og ytre Sogn å melde seg inn i Vestlandske Indremisjonsforbund.

Prestegardsmisjonen i Sogndal.

Prestegardsmisjonen i Sogndal.

På eit felles møte i Høyanger i 1976 slo dei to «vestlandske-krinsane» i ytre og indre Sogn seg saman i ein krins under Vestlandske Indremisjon. I 1982 var tida mogen for den store samanslåinga mellom den Sogne-krinen som sokna til Vestlandske Indremisjon og den midtre som var tilslutta Det norsk lutherske Indremisjonsforbund. Ein valde i første omgang å gå varsamt fram med ei prøvetid på tre år før ein i 1985 våga seg på endeleg vedtak om samanslåing. Etter ei prøverøysting som viste at midtre-sogningane ville kome i mindretal med framlegget om å melde den store Sogne-krinsen inn i Det norsk lutherske Indremisjonsforbund, vart det ved endeleg avrøysting så godt som samrøystes vedteke at Sogn krins skulle meldast inn i Det Vestlandske Indremisjonsforbund.

Askelund i Balestrand, tidlegare Sogn Ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askelund i Balestrand, tidlegare Sogn Ungdomsskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigen barneheim og skule

Sjølv om misjonsfolket i Sogn har vore delt mellom Det norsk lutherske Indremisjonsforbund og Vestlandske Indremisjonsforbund, så har dei likevel stått samla om to viktige prosjekt: Sogns Barneheim som vart driven på Leikanger frå 1891 til 1974, og Sogn Ungdomsskule på Askelund i Balestrand som vart starta i 1936.

Misjonslaga i Sogn har gjeve ut lagsblada «De lidendes Ven» og «Sognevarden».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015