Hopp til innhold
X
Innhald

I.O.G.T. i Sogn

I Gulen som i andre kommunar var det ein periode ei oppbløming av I.O.G.T.-lag.  Her er  ein flokk om bord i ”Guløy” på veg til fråhaldsstemne på Fedje i 1935. Legg merke til I.O.G.T.-flagget i masta. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Gulen som i andre kommunar var det ein periode ei oppbløming av I.O.G.T.-lag. Her er ein flokk om bord i ”Guløy” på veg til fråhaldsstemne på Fedje i 1935. Legg merke til I.O.G.T.-flagget i masta. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Opplysningspresten Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik var truleg den første sogning som førde ein organisert kamp mot rusdrykk og alkoholisme då han for eigne midlar kjøpte skjenkestovene i Brekke og Skjerjehamn for å hindre at lokalfolket fekk kjøpe brennevin der. – Les også artikkelen Brennevinsplager og prestesorger.

Elles vart det i 1843 skipa eit fråhaldslag i Aurland som heitte «Urlands Prestegjelds Maadeholdsforening».

I.O.G.T. i Sogn var organisert under Distriktslojse Fremad i Bergen slik laga i Fjordane også var fram til 1918. No heiter denne distriktslosjen I.O.G.T. i Hordaland. I 1994 vart Sogn-losjane slegne saman med losjane i Fjordane til I.O.G.T. i Sogn og Fjordane.

I.O.G.T.-losjar i Sogn:

- Lista er ikkje fullstendig, slik som for Nordfjord og Sunnfjord, men desse losjane er førebels registrerte:

Frå eit IOGT-stemne i Aurland før 1920. Ukjend fotograf, eigar Marta Stokkenes. © Fylkesarkivet.

Frå eit IOGT-stemne i Aurland før 1920. Ukjend fotograf, eigar Marta Stokkenes. © Fylkesarkivet.

  • IOGT Belesheim i Balestrand vart skipa i 1910.
  • Øens Avhaldslag i Hyllestad vart skipa ca. 1907, og gav ut lagsbladet «Von» i tida 1907–1917.
  • IOGT–losje Rjupa i Luster vart skipa i 1913.
  • Verneheim barnelosje i Vik, protokollar frå 1913.
  • IOGT Lystringen vart truleg skipa i 1918.
  • Barnelaget Samhald i Sperle i Jostedalen vart skipa i 1925.
  • Losje «Me vil» i Gulen vart skipa i 1934.
  • Kyrkjebø Fråhaldslag i Høyanger kommune, lagsprotokollar finst frå 1935.
Andre som førebels er registrerte:
  • Sygnavarden i Balestrand.
  • Losje Frøysvik i Fresvik og barnelosje i Fresvik.
  • Losje Vikingskjold i Vik.
  • Losje Aurlendingen i Aurland og barnelosje Unge Aurland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2011