Hopp til innhold
X
Innhald

Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke

LHL, Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke, vart skipa i 1943 under namnet Tuberkuløses Hjelpeorganisasjon, men fekk endra namnet til LHL i 1963. LHL fekk stor oppslutnad på 1970-talet då laget fekk i gang ei såkalla ”hjartebru” slik at hjartesjuke kunne reise til utlandet for å verte opererte.

I 1989 opne LHL Feiringklinikken i Eidsvoll kommune der hjartesjuke frå heile landet har vorte opererte av spesialistar på hjartekirurgi.

LHL har kring 50.000 medlemer fordelt på 290 lokallag. Fylkeslaget i Sogn og Fjordane vart skipa i 1946 og hadde i 2008 17 lokallag med 1636 medlemer. Dei fleste lokallaga i fylket vart skipa på 1970- og 1980-talet.

Fylkeslaget for LHL i Sogn og Fjordane vart lagt ned i 2003, og eit felles regionkontor i Bergen tek seg av sekretariatfunksjonane for Region LHL Vest som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Feiringklinikken. Foto: Feiringklinikken.

Feiringklinikken. Foto: Feiringklinikken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015