Hopp til innhold
X
Innhald

Landssammenslutningen av vasskraftkomm.

Tidlegare Luster-ordførar Ernst Veum har vore sentral i LVK.

Tidlegare Luster-ordførar Ernst Veum har vore sentral i LVK.

Landssammenslutningen av vasskraftkommuner (LVK) vart skipa i 1978 og er eit felles talerøyr for 153 norske kommunar med store vasskraftressursar- og utbyggingar.

LVK engasjerer seg ikkje i spørsmål for eller imot kraftutbygging eller fordeling kommunane imellom. I Sogn og Fjordane er fylgjande kommunar medlemmer i LVK:

Aurland, Balestrand, Bremanger, Førde, Gaular, Hornindal, Høyanger, Jølster, Luster, Lærdal, Vik og Årdal.

- Om finansskandalen kring Terra Securities som råka mange norske vasskraftkommunar i 2007 kan du lese meir om i artikkelen Terrasaka 2007 under Vik kommune. I Sogn og Fjordane var det Vik saman med Bremanger kommune som tapte titals millionar kroner på finansspekulasjonane, og begge fekk slite i mange år etterpå for å dekkje inn tapa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015