Hopp til innhold
X
Innhald

NAF i Sogn og Fjordane

Ein bergingsbil frå NAF på oppdrag mellom Førde og Askvoll. Foto: NRK

Ein bergingsbil frå NAF på oppdrag mellom Førde og Askvoll. Foto: NRK

Kongelig Norsk Automobilklub – KNA – vart skipa i 1909. Mange meinte at denne organisasjonen var noko overklasseprega. Difor vart Norges Automobilforbund - NAF - skipa i 1924.

I Sogn og Fjordane vart Fjordane og ytre Sogn avdeling av NAF skipa i januar 1932, og seinare same året vart det skipa NAF-avdelingar for Nordfjord og indre Sogn. Årdal fekk eige lag i 1935. I åra før 2. verdskrig arbeidde NAF-foreningane for å få utbygd vegnettet i fylket, og for ferjesamband mellom Innvik og Faleide i Nordfjord, Eikenes-Dale i Sunnfjord, og Lærdal-Høyanger og Lærdal-Sogndal i Sogn.

I 1935 fekk NAF starta turistkontor på Sandane, og organisasjonen var også med på starten av ein av dei første campingplassane i fylke: Haugen Camping i Jølster. I nyare tid har organisasjonen m.a. arbeidd med naudsikring i vegtunnelar og med organisering av testestasjonar for motorvogner. Ein slik testestasjon er etablert i Førde.

På 1980-talet fekk NAF bygd to glattkøyringsbaner i Sogn og Fjordane, ei i Stardalen i Jølster i 1981 og ei på Kaupangerskogen i Sogndal i 1988. Bana på Kaupangerskogen vart lagd ned i 2004 og aktiviteten samla i Stardalen.

Glattkøyringsbana i Stardalen i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Glattkøyringsbana i Stardalen i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015