Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonalforeningen for folkehelsen

I Førde fekk Nasjonalforeningen for folkehelsen bygd den første sjukeheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Førde fekk Nasjonalforeningen for folkehelsen bygd den første sjukeheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen vart skipa i 1910, og skifta namn til Nasjonalforening for folkehelsen i 1963.

Fylkeslaget i Sogn og Fjordane vart skipa i 1947, men svært mange lokallag hadde vore i aktivitet alt sidan mellomkrigstida. Det aller første sjukerøktlaget i fylket som seinare melde seg inn i Nasjonalforeningen, vart skipa alt i 1904 i Balestrand. Førde Helselag kom i gang i 1905, og så kom helselaget i Brekke og Fjaler og helselag i høvesvis 1914 og 1915.

Den store saka for Nasjonalforeningen dei første femti åra var kampen mot tuberkulosen. Tuberkulosen var den store folkesjukdomen i siste halvdel av 1800-talet og fram til ein fekk effektive medisinar mot sjukdomen like etter 2. verdskrig.

Etter at ein fekk kontroll med tuberkulosen, konsentrerte Nasjonalforeningen og dei lokale helse- og sjukerøktlaga seg mykje om nyføddmedisin, barn og familie, eldre, belastningslidingar samt turberkulosearbeid i den tredje verda.

Før LHL – Landforeningen for Hjerte- og lungesyke – vart ein sterk organisasjon, var førebygging og forsking kring hjarte- og karlidingar ei sentral sak, og i Sunnfjord vart det jamvel skipa ei eiga gruppe, Hjartelaget Sunnfjord, som fekk 110 medlemer.

Dei siste åra har arbeidet for demente teke stor plass. I Vågsøy har eit eige demenslag vore i arbeid i tid, og både i indre Sogn og i Sunnfjord er det skipa interessegrupper som rettar arbeidet mot demenssjukdomar.

I 2007 hadde Nasjonalforeningen for folkehelsen 29 lag med i alt 2816 medlemer i Sogn og Fjordane. På landsbasis har Nasjonalforeningen kring 1000 helselag med ca. 75.000 medlemer.

Dei største laga i Sogn og Fjordane er Førde med 310 medlemer, Fjaler med 256, Sogndal med 236, Lavik med 206, Øvre Årdal med 185 og Jølster med 138 medlemer. Aktiviteten er minst i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015