Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T.

Festsamling framfor Losjehuset på Nordfjordeid. Foto utlånt av Utnes.

Festsamling framfor Losjehuset på Nordfjordeid. Foto utlånt av Utnes.

Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T. vart skipa i 1918, med Ola Sande frå Sandane som første leiar. Han var ei drivande kraft for skiping av ei mengd lokale fråhaldslag i Nordfjord. Den første lokale fråhaldslosjen i Nordfjord vart skipa på Nordfjordeid i 1892 av Torgeir Oos. Det var losje «Morgendæmring» som fekk 24 medlemmer frå starten.

Folkerøysting og forbodstid

Den største kampsaka for distriktslosjen i Nordfjord var dei store folkerøystingane kring nasjonalt alkoholforbod i 1915, 1919 og 1926. I 1915 røysta 9213 nordfjordingar for forbod, 1082 ville ikkje ha forbod, medan 2119 var nøytrale.

Det kom til omkamp i 1919. Då røysta 7056 nordfjordingar for at det framleis skulle vere forbod mot produksjon, sal og innførsle av alkohol. 2185 røysta for å oppheve forbodet.

Forbodstida i Noreg varde til 1926, då forbodet vart oppheva med ei ny folkerøysting. Men framleis var det stort fleirtal i Nordfjord for å halde på forbodet: 7091 røysta for alkoholforbod framleis, medan 3057 røysta for å oppheve forbodet. Røystinga i 1926 viste at folk i Gloppen og Stryn kommunar stod sterkast på forbod, medan folket frå og med Hornindal og vestover hadde vorte meir liberale, særleg Sør-Vågsøy kommune, der det var jamnt løp.

Brennevinsjakt i fjøresteinane

Forbodstida frå 1915 førde til stortilt smugling. Etter at forbodet vart oppheva i 1926 var det framleis så store avgifter på alkohol at spritsmugling var ein svært lønsam geskjeft. Heile båtlaster med brennevin vart ført ulovleg inn i landet.

Like før jul i 1931 gjekk trålaren «Venus» ned på Kvalheimsvika i Vågsøy. To av mannskapet vart berga av bygdefolket, dei andre 10 drukna. Ryktet sa at skipet hadde 18.000 liter sprit ombord. Då skipet gjekk ned, flaut mykje av lasta opp. Spritkannene dreiv inn i fjæresteinane. Ryktet om den spesielle lasta spreidde seg som eld i turt gras. Utover natta arbeidde folk så sveitten silte med å berge den «dyrebare» lasta, og då morgonen kom, låg det digre stablar med spritkanner langs heile fjæra.

Lensmannen fekk melding om hendinga på vestsida av øya og sette av garde for å ta opp forklaring. Men det var lang veg frå Måløy. Då han kom fram til Kvalheim, var spriten som dunsta bort. Folk hadde gøymt unna det dei makta før lovens lange arm kom til gards!

Men var spriten drikkande? For å finne ut det, let dei den eldste i huset prøvesmake, og var kallen i live etter nokre timar, var det fritt fram. Bygdehumoren vil ha det til at karane i bygdene kring Kvalheimsvika og Torskangerpollen ikkje var edru ein dag i det året som deretter fylgde. - Og på Kvalheim skal det ha vore smuglarsprit frå 1931 i omløp heilt fram på 1960-talet.

Losjehuset på Nordfjordeid i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Losjehuset på Nordfjordeid i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I.O.G.T.-losjar i Nordfjord:

  • Morgendæmring, Nordfjordeid, skipa 1892.
  • Nora, Nor i Eid, skipa 1894.
  • Trofast, Sandane, skipa 1896.
  • Hornelen, Rugsund, skipa 1899.
  • Stryningen, Stryn, skipa 1901.
  • Syskenheimen, Vereide, skipa 1903.
  • Fred, Utvik, skipa 1903.
  • Havglimt, Måløy, skipa 1904.
  • Freidug, Loen, skipa 1905.
  • Statt, Stadlandet, skipa 1906.
  • Framhald, Bryggja, skipa 1906.
  • Vora, Byrkjelo, skipa 1906.
  • Sudstrandstryggen, Sørstranda i Gloppen, skipa 1907.
  • Lodalskåpa, Lodalen, skipa 1910.
  • Stodrheim, Stårheim, skipa 1910.
  • Havlys, Flatraket, skipa 1922.
  • Eidshorn, Eide i Selje, skipa 1922.
  • Solsprett, Kjølsdalen, skipa 1923.
  • Ulabrand, Ytre Stadlandet, skipa 1924.
  • Breimingen, Reed i Breim, skipa 1924.
  • Krinslosje «St. Sunniva» vart skipa i 1927 for dei vestlege losjane i Vågsøy og Selje.
  • Krinslosje «Veten» vart skipa i 1927 for Breim og Gloppen.
  • Krinslosje «Kolbein Sterke» vart skipa i 1927 for losjar i indre Nordfjord.
  • Krinslosje «Vårliv» vart skipa i 1928 for losjane frå dåverande Eid og Davik kommunar.
  • Strynevarden, Mindresunde, skipa 1928.
  • Roald,skipa 1929.
  • Solmøy, Barmsund i Selje, skipa 1930.
  • Dagning, Austrheim i Gloppen, skipa 1930.
  • Oppstryningen, Oppstryn, skipa 1932.
  • Vikar, Innvik, skipa 1933.
  • Fjellbu, Fjelli i Stryn, skipa 1935.
  • Vestvern, Vågsvåg, skipa 1941.
  • Sisiliekruna, Olden, skipa 1944.
  • Raudebergs Von, Raudeberg, skipa 1948.
  • Frimann, Davik, skipa 1949.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015