Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjords Turistforening

Turistar ved Kjenndalsbréen ca. 1900. Foto: Normann.

Turistar ved Kjenndalsbréen ca. 1900. Foto: Normann.

Breifonna over Fosnes i Stryn kommune er eit blikkfang som har fjetra mange turistar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Breifonna over Fosnes i Stryn kommune er eit blikkfang som har fjetra mange turistar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordfjords Turistforening vart skipa i 1898 etter opptak frå hotelleigar Peter Tenden i Stryn.

I 1903 vart laget omorganisert til også å omfatte Sunnfjord, og fekk då namnet Sønd- og Nordfjord Turistforening. Bakgrunnen for denne utvidinga kan forklarast med at ei av dei viktigaste turistrutene med hesteskyss då gjekk frå fylkesbåtkaia i Vadheim og nord gjennom Sunnfjord til Sandane, og derifrå til indre Nordfjord. Peter Tenden var svært aktiv i utviklinga av reiselivsnæring langs denne ruta, og kom seinare til å verte ein av krumtappane i skipinga av Fjordenes Automobilselskap sin seinare vart Firda Billag.

Sønd- og Nordfjord Turistforening vart av ukjende grunnar lagd ned i 1910, og nordfjordigane heldt fram med Nordfjords Turistforening. I 1932 gjekk denne inn i ei nyskipa Nordfjord og Søndfjord Turistforening. Dette laget bytte namn til Fjordane Reiselivslag i 1952.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2011