Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Blindeforbund Sogn og Fjordane

Heimesida til Norges Blindeforbund.

Heimesida til Norges Blindeforbund.

Norges Blindeforbund vart skipa i 1909 av Vestlandske Blindeforbund (skipa 1904), Nordenfjeldske Blindeforbund (skipa i 1900 som De Blindes Selvhjælperforening) og Østlandske Blindeforbund (skipa 1907).

I 1975 vart blindeforbundet frå regionlag omorganisert til eitt forbund med fylkeslag som grunnorganisasjoner.

Norges Blindeforbund Sogn og Fjordane har fylkeskontor i Førde.

Med offentleg støtte driv Blindeforbundet rehabiliterings- og velferdsarbeid for medlemene. Det eig og driv Hurdalsenteret for blinde og svaksynte, Evenes kurs- og treningssenter, eit blindeskrifttrykkeri i Bergen og ein førarhundskule i Oslo. Andre tiltak er m.a. lydaviser og -tidsskrift, hjelpemiddelsentral, eldreomsorg med aldersklubbar, barne- og ungdomsarbeid og vaksenopplæringsarbeid. Medlemsbladet heiter Norges Blinde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.02.2010