Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Handikapforbund

Den første rullestolen i Sunnfjord. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Den første rullestolen i Sunnfjord. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Den første rullestolen i Sunnfjord. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Norges Vanførelag vart skipa i 1931, og endra namn i 1975 til Norges Handikapforbund. Forbundet har kring 380 lokallag over heile landet. Det organiserer 10 landsforeningar og har eigen ungdomsorganisasjon. I 2003 gjekk fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal saman i ein felles region - NHF Nord Vest - med kontorstad i Molde. Regionlaget har 34 aktive lag med over 1500 medlemar. NHF har to typar lag ute i distrikta: Landforeningslag for spesielle grupper handikappa, og reine lokallag for NHF i kommunar og bygder.

Landsforeningslaga

fokuserer i hovudsak på diagnoseretta arbeid og fellesskap for personar som er i same livssituasjon. NHF har totalt 11 landsforeningar, og i region NHF Nord Vest er ni slike organisert: I Sogn og Fjordane finn vi *HBF Sogn og Fjordane (Handikappede Barns Foreldreforening) *LFPS Sogn og Fjordane (Landsforeningen for Polioskadde) *Sogn og Fjordane Parkinsonforening.

Lokallag av NHF

Organisasjonen har lokallag i Askvoll, Bremanger, Flora, Gloppen, Hyllestad, Indre Bremanger, Indre Sogn, Stryn/Hornindal og Vågsøy

Annanias Batalden.

Annanias Batalden.

Føregangsmannen Annanias Batalden

Annanias Batalden frå Batalden i Flora var ein av dei fremste føregangsmennene på Vestlandet for å betre handikappa sine kår. Han var sjølv fødd med cerebral parese. I 1933 skipa Annanias Batalden Sunnfjord Vanførelag, og reiste sjølv rundt for å rekruttere medlemer, og fekk skipa nærmare 50 lokallag og støttelag for vanføresaka. Han var leiar i Sunnfjord Vanførelag i 29 år og var reisesekretær i Vestlandske Vanførelag. I 1959 fekk han reist vanføreheimen Vestbris i Havreneset. Her gav han eit stort areal av garden sin til føremålet. Institusjonen var i bruk fram til 1984.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.10.2011