Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Kvinne- og Familieforbund (K&F)

Medlemer i Leikanger Husmorlag i samband med 30-årsjubileet i 1967. © Fylkesarkivet.

Medlemer i Leikanger Husmorlag i samband med 30-årsjubileet i 1967. © Fylkesarkivet.

Christiania Hjemmenes Vel som vart skipa i 1898, var den første husmororganisasjonen i Europa.

Hjemmenes Vels Landsforening var ein tverrpolitisk norsk kvinneorganisasjon som vart skipa i 1915. Frå 1933 til 1997 heitte organisasjonen Norges Husmorforbund. I 1997 bytte husmorforbundet namn til Norges Kvinne- og Familieforbund, K&F.

Mektig lobbyorganisasjon

Husmorforbundet arbeidde for å betre kåra og auke den sosiale statusen for heimearbeidande kvinner. I velmaktsdagane på 1950-talet var Norges Husmorforbund ein av dei mektigaste lobbyorganisasjonane i landet, med titusenvis av medlemmer.

Heilt sidan 1887 har «husmorrørsla» gjeve ut eit eige blad: Første heitte det Kvinner & Familie, deretter Husmorbladet og sidan Kvinner i bevegelse.

Husmorvikarar og husmorferie

I Sogn og Fjordane som elles i landet gjekk husmorlaga i brodden for å få ordningar med husmorvikarar, skipa til husmorferiar og stod for medlemskveldar der nye kjøkkenmaskinar og anna utstyr til hushaldet vart demonstrert. Husmorlaga bygde også dei første barnehagane i fylket, m.a. i Høyanger og Måløy.

Ei framståande kvinne i denne rørsla var Inga Nitter Walaker frå Solvorn, som var landsleiar både i Norges Husmorforbund og Nasjonalforeningen for Folkehelsen i ei årrekkje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015