Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Naturvernforbund

Erik Solheim (til høgre) var i fleire år leiar i Norges Naturvernforbund, og vart i 2008 utnemnd til æresmedlem i organisasjonen. Til venstre leiaren i 2008, Lars Haltbrekken. Foto: Norges Naturvernforbund.

Erik Solheim (til høgre) var i fleire år leiar i Norges Naturvernforbund, og vart i 2008 utnemnd til æresmedlem i organisasjonen. Til venstre leiaren i 2008, Lars Haltbrekken. Foto: Norges Naturvernforbund.

Norges Naturvernforbund er det eldste naturvernlaget i Noreg, skipa i 1914 med namnet Landsforening for Naturfredning. Hjalmar Broch var den første landsleiaren i naturvernforbundet. I 1962 fekk laget namnet Norges Naturvernforbund. Laget fekk medlemsbladet ”Norsk natur” i 1965.

Natur og Ungdom er namnet på laget sin ungdomsorganisasjon, skipa i 1967. Både Stein Faleide Malkenes frå Florø og Erik Solheim frå Førde har vore landsleiarar i Norges Naturvernforbund. Solheim vart utnemnd til æresmedlem i forbundet i 2007.

I Sogn og Fjordane har NNF fylgjande lokallag:

  • Naturvernforbundet i Eid.
  • Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord.
  • Naturvernforbundet i Indre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015