Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Vektløfterforbund

Vektløftarane i Tambarskjelvar IL i Naustdal er grossistar i NM-medaljar. Foto: Aleksander Vallestad, NRK.

Vektløftarane i Tambarskjelvar IL i Naustdal er grossistar i NM-medaljar. Foto: Aleksander Vallestad, NRK.

Norges Vektkløfterforbund vart skipa i 1946. Sogn og Fjordane er tilslutta Nord-Vestlandets Vektløfterkrets. I Sogn og Fjordane finn vi lokale vektløftargrupper i idrettslaga i Hornindal, Stryn, Svelgen, Dale i Sunnfjord, Naustdal, Førde og Sogndal.

Det er særleg vektarløftargruppa i IL Tambarskjelvar i Naustdal som har merka seg ut som det leiande norske vektløftarmiljøet. Vektløftarane frå Tambarskjelvar med Stian Grimseth i spissen har i lang tid vore reine medaljegrossistane i norske og nordiske meisterskap.

Sindre Rørstadbotnen er ein av dei gode utøvarane som er utvikla i vektløftarmijøet i Tambarskjelvar IL. Foto: Tryggve Duun, Norges Vektløfterforbund.

Sindre Rørstadbotnen er ein av dei gode utøvarane som er utvikla i vektløftarmijøet i Tambarskjelvar IL. Foto: Tryggve Duun, Norges Vektløfterforbund.

– Les meir om vektløftarane i Sunnfjord i eigne artiklar og biografiar under Naustdal og Førde kommunar.

Også styrkeløftarane har sin eigen krins i Sogn og Fjordane: Sogn og Fjordane Styrkeløftkrets. Senioren Alexander Kirketeig frå Førde har teke NM-gull i 2008, og Alexander Høivik (f. 1986) frå Florø TIF fekk bestemannspremien i junior-NM i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015