Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Luthersk Misjonssamband – NLM

Sygna vidaregåande skule i Balestrand er eigd av NLM. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sygna vidaregåande skule i Balestrand er eigd av NLM. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

NLM – eller Misjonssambandet som det til dagleg vert kalla - har hatt solid rotfeste i Sogn og Fjordane heilt sidan skipinga på slutten av 1800-talet. Her i fylket er organisasjonen først og fremst kjend for å stå bak den store internatskulen Sygna v.g. skule i Balestrand. Sygna vart skipa i 1981 og har kring 190 elevar frå heile landet. Elles er Misjonssambandet medeigar i eit stort ungdomssenter på Hafslo og driv også eit ungdomssenter i Gaular.

Det Norsk Lutherske Kinamisjonsforbund vart grunnlagt i 1891, men fekk etter utvisinga frå Kina etter 2. verdskrig namnet Norsk Luthersk Misjonssamband - til dagleg kalla Misjonssambandet. Dette misjonslaget markerer avtand til den institusjonelle kyrkja og står utanfor Organisasjonenes Fellesråd og er kritisk til Kirkenes Verdensråd. På landsbasis har NLM kring 3000 lag fordelt på 16 krinsar. NLM driv 25 skular, m.a. NLA - Lærerhøgskolen i Bergen, Gimlekollen Mediehøgskole, bibelskular, folkehøgskular, 33 leirstader og 44 barnehagar. Ute i verda arbeider kring 175 misjonærar for NLM. NLM er elles kjende for drifta av Nordea Radio, Lunde Forlag AS og musikkproduksjonsselskapet Lynor AS. Det eldste misjonslaget i fylket som kom med i Misjonssambandet er Kvammen og Leknes Misjonsforening ved Førdefjorden. Dette laget vart skipa i 1888 og er framleis i drift. I Nordfjord er det eldste laget Vereide som vart skipa i 1889.

I Kvammen har vi den eldste misjonsforeininga i fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Kvammen har vi den eldste misjonsforeininga i fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Deling av fylket

Fram til 1967 høyrde Misjonssambandet i Sogn og Fjordane til Bergen krins. I 1967 vart Nordfjord og Sunnfjord skilde ut til ein eigen Fjordane krins, medan Sogn vart verande i Bergen krins. Fjordane krins har til saman 51 lokale lag, av desse er det 17 barne- og ungdomslag. Krinsen har kontor i Førde, og har den største medlemsmassen sin i Førde og Gaular kommunar. Fjordane krins av NLM eig og driv leirstaden Skilbrei Ungdomssenter i Gaular. Leirstaden har 50 sengeplassar. I Sogn har Misjonssambandet 20 lokale lag. Den største medlemsmassen finn ein i Balestrand, Sogndal, på Hafslo og i bygder kring Lustrafjorden. I tillegg til Sygna vidaregåande skule i Balestrand eig og driv Misjonssambandet Lyngmo Ungdomssenter og Camping på Hafslo saman med i Sogn Indremisjon. Lyngmo vart bygd i 1965 og har 140 overnattingsplassar, derav 105 i i det store hovudbygget.

Lyngmo Ungdomssenter og Camping på Hafslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lyngmo Ungdomssenter og Camping på Hafslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.10.2011