Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning

Redningsskøytene R.S. Platou og Det Norske Veritas ved kai i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Redningsskøytene R.S. Platou og Det Norske Veritas ved kai i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning - NSSR, i daglegtale mest omtala som Redningsselskapet, vart skipa i 1891 som eit privat selskap. Føremålet har heile tida vore å byggje opp og drive ei effektiv redningsteneste lang norskekysten og i farvatn der norske fiskarar har drive fiske. NSSR har hovudkontor i Bærum.

I Sogn og Fjordane har Redningsselskapet fast stasjon med redningskryssar i Måløy, men har også hatt stasjon for redningsskøyte i Florø og i Lerwick på Shetland i dei åra då det var eit stort fiske etter pigghå og rundfisk i farvatna kring dei skotske øyane.

Redningsselskapet har 34 redningsskøyter stasjonert langs heile kysten. Skøytene har eit mannskap på kring 180 personar.

I dag har NSSR kring 450 lokallag og krinsar, og organisasjonen er delt opp i 13 distrikt. Ein stor del av redningsflåten har gjennom åra vorte finansiert gjennom rause gåver frå m.a. norske skipsreiarar, men det økonomiske fundamentet har likevel vore basarar og andre inntekter som eit stort tal av ”redningsforingar” over heile landet har samla inn.

Tidlegare hadde Redningsselskapet lokallag i mest alle kystbygder i Sogn og Fjordane, og jamvel heilt til dei inste fjordbygdene i fylket var redningsforeningane nokre av dei mest talrike. Talet på lokale redningsforeningar har gått mykje tilbake i dei siste tiåra.

Redningsskøyra Halfdan Grieg ved kai i Måløy. Foto: Bjarne Eldevik.

Redningsskøyra Halfdan Grieg ved kai i Måløy. Foto: Bjarne Eldevik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2011