Hopp til innhold
X
Innhald

Norske Kvinners Sanitetsforening

Norske Kvinners sanitetsforening vart skipa i 1896 av Fredrikke Marie Qvam, Randi Blehr, Cecilie Thoresen Krog, Margrete Vullum og Pylle Horst.

I Sogn og Fjordane vart dei første lokallaga skipa like etter hundreårsskiftet. Heilt fram til 1949 var desse lokallaga samla i eit felles regionalt lag saman med Bergen og Hordaland i Bergen krins.

Laura Sundal Skorpen fylkesleiar i 17 år

Norsk Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane fylke vart skipa i 1949 då Bergen krins vart delt. Laura Sundal Skorpen frå Flora var første fylkesleiar frå 1949 til 1966. Fylkeslaget hadde ved skipinga 6472 medlemer i 23 lokale foreningar. I tillegg kom to ungdomsavdelingar og tre barnelag.

Dreiv skuletannrøkt

Kampen mot tuberkulosen, helsesøsterteneste og småbarnskontroll, og bygging av lokale helsestasjonar og sjukestover var sentrale arbeidsoppgåver for sanitetslaga i dei første ti-åra. Etter 2. verdskrig var det også einskilde lokale lag som dreiv skuletannrøkta på heimstaden, og på Bulandet skaffa jamvel laget bygda symjebasseng slik at ungane fekk symjeopplæring.

Solbakken i Florø vart reist av Sanitetsforeningen i 1960. Institusjonen har dei siste åra vore brukt som asylmottak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solbakken i Florø vart reist av Sanitetsforeningen i 1960. Institusjonen har dei siste åra vore brukt som asylmottak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solbakken i Florø

Det største løftet for Sanitetsforeningen i Sogn og Fjordane var bygginga av Solbakken arbeids- og pleieheim for psykisk utviklingshemma i Florø, opna i 1960. Solbakken vart utvida fleire gonger på 1960-talet, og fekk også ei hytte i Eikefjord. Solbakken hadde i 1971 omsorg for 44 psykisk utviklingshemma barn.

Fylkeskommunen overtok driftsansvaret for Solbakken i 1981, og institusjonen vart avvikla i samband med HVPU-reforma tidleg på 1990-talet. Institusjonen har sidan vorte leigd av Flora kommune som m.a. har brukt Solbakken som flyktningmottak. Ved 50-årsjubiléet til fylkeslaget i 1999 vart skipingsåra til desse sanitetslaga registrerte:

  • Breim Sanitetslag vart skipa i 1899
  • Florø Sanitetsforening vart skipa i 1904
  • Askvoll Sanitetsforening vart skipa i 1911
  • Gulen Sanitetslag vart skipa i 1911
  • Selje Sanitetsforening vart skipa i 1911
  • Vadheim Sanitetsforening vart skipa i 1912
  • Byrknes Sanitetsforening vart skipa i 1913
  • Eikefjord Sanitetslag vart skipa i 1913
  • Hornindal Sanitetslag vart skipa i 1913
  • Kinn Sanitetslag vart skipa i 1913
  • Aurland Sanitetslag vart skipa i 1914
  • Bjordal Helselag på Høyanger sørside vart skipa i 1914
  • Bremanger Sanitetslag vart skipa i 1915
  • Kalvåg Sanitetsforening vart skipa i 1915
  • Davik Sanitetslag vart skipa i 1917. Dette vart delt i 24 arbeidslag i den spreiddbygde kommunen.
  • Svelgen Sanitetsforening vart skipa i 1920
  • Høyanger Sanitetsforening vart skipa i 1922
  • Nordfjordeids Sanitetsforening vart skipa i 1923
  • Kyrkjebø Sanitetslag vart skipa i 1925
  • Kjølsdalen Sanitetsforening i Eid vart skipa i 1926
  • Ortnevik Sanitetslag i Høyanger vart skipa i 1926
  • Strendene Sanitetsforening for Bjordal og Ortnevik vart skipa i 1926
  • Søreide Sanitetslag i Høyanger vart skipa i 1926
  • Bulandet Sanitetslag vart skipa i 1936
  • Stongfjorden Sanitetslag vart skipa i 1936
  • Ålfoten Sanitetsforening vart skipa i 1939
  • Midtgulen Sanitetsforening i Bremanger vart skipa i 1945
  • Norddalsfjord Sanitetslag i Flora vart skipa i 1945
  • Standal Sanitetsforening i Flora vart skipa i 1957
  • Svardal Sanitetslag i Flora vart skipa i 1958
  • Totland Sanitetslag, Bryggja, vart skipa i 1964
  • Kjøllesdal Sanitetslag vart skipa i 1964
  • Leirvåg Sanitetslag i Askvoll vart skipa i 1970
  • Ålfoten Sanitetslag vart skipa i 1979
  • Berle Sanitetsforening i Bremanger vart skipa i 1979
  • Rugsund Sanitetslag vart skipa i 1979
  • Storebru-Langedal Sanitetsforening vart skipa i 1986
  • Barnehagen som Høyanger Sanitetsforening bygde i 1953.

    Barnehagen som Høyanger Sanitetsforening bygde i 1953.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015