Hopp til innhold
X
Innhald

Organisasjonar i Sogn og Fjordane

Medlemer i Luster Røde Kors Hjelpekorps gjer ein stor innsats. Frå venstre Frode Feigum, Åge Lie og Henrik Røneid.  Foto: Ove Fortun.

Medlemer i Luster Røde Kors Hjelpekorps gjer ein stor innsats. Frå venstre Frode Feigum, Åge Lie og Henrik Røneid. Foto: Ove Fortun.

Idéelle organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Helse- og velferdsorganisasjonar

Her finn du m.a. organisasjonar som Røde Kors, Norske Kvinners Sanitetsforbund og Redningsselskapet.

Frilynde ungdomslag

Fylkes- og fogderiomfemnande lag og bygdelag i Oslo og Bergen. Dei lokale ungdomslaga finn du under kvar einskild kommune - Lag og organisasjonar.

Stao no pao... Fotballaget til Sogndal har sidan 1976 yppa seg blant dei beste laga i landet, og Sogndal Fotball har bygd opp ein tipp topp moderne fotballstadion i Fosshaugane Campus. Dette biletet er frå ein kamp mellom Sogndal og Hamkam i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Idrettsorganisasjonar i Sogn og Fj.

Skyteidretten var først ute, Eidsbygda Skyttarlag i Eid var det første laget i Sogn og Fjordane.

Song- og musikklag i Sogn og Fjordane

Nordfjord Songarlag vart skipa i 1919.

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane - BKSF

vart skipa i 1981, først under namnet Bildande kunstnarar i Sogn og Fjordane.

Mållag

Firda Mållag vart skipa i 1899, Sogn Mållag først i 1952.

Fråhaldsrørsla

Den første fråhaldslosjen i Sogn og Fjordane vart skipa på Nordfjordeid i 1892.

Trafikk og motororganisasjonar

Les om NAF, MA og Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Er du glad i fjellturar er du midt i smørauget om du bur i Sogn og Fjordane. Her er medlemer i Indre Sunnfjord Turlag på tur til Blegja (1304 m.o.h), med eit fantastisk utsyn mot øygarden utanfor Sunnfjord. Foto: Atle Holsen, Indre sunnfjord Turlag.

Jakt, fiske og friluftsliv

Oversyn over turlag og fjellhytter og naturvernforbundet.

Lag for fjordingar og sogningar i Amerika

Nordfjordlaget i Amerika vart skipa i St. Paul, Minnesota, i 1909.

Fortidsminneforeningen – avd. Sogn og Fj.

Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring vart skipa i 1844 etter opptak frå kunstmålaren Johan Christian Dahl.

Sogn og Fjordane Husflidslag

vart skipa i 1969 etter å ha vore ein del av Vestlandske Husflidslag sidan 1895.

Næringstilknytte organisasjonar:

finn du under Nærings- og arbeidslivsorg. i Sogn og Fj., Fiskerihistorie og fiskeriorg. i Sogn og Fj. og Jordbrukshistoria og landbruksorg.

Livssynsorganisasjonar i Sogn og Fjordane:

Bedehus på Rygg i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehus på Rygg i Gloppen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kristelege lag og kristelege rørsler

Artiklane under dette kapitlet legg vekta på dei hovudstraumane som har prega kristenlivet i Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet.

Andre trussamfunn:

Muslimane

I 2005 var det kring 500 muslimar i Sogn og Fjordane.

Andre livssynsorganisasjonar:

Human-Etisk Forbund

fekk lokalavdeling i Sogn og Fjordane i 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 09.02.2015