Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Mållag

Hallvard O. Hesjevoll var første leiaren i Sogn Mållag.

Hallvard O. Hesjevoll var første leiaren i Sogn Mållag.

Dei lokale mållaga i Sogn skipa ikkje nokon felles organisasjon for Sogn før i 1952, då Sogn Mållag vart skipa på eit møte i Sogndal. Før den tid hadde mange lokale mållag i Sogn vore medlemer av Vestlandske Mållag som vart skipa i Bergen i 1904 etter opptak frå norskdomslaga Ervingen og Vestmannalaget.

I 1911 var det registrert 12 mållag i Sogn: Jostedal, Hafslo, Farnes, Lærdal, to lag i Sogndal, Fresvik, Vik, Arnafjord, Kyrkjebø, Gulen og Utfjordingarnes Mållag. I 1935 var i alt 35 lokale mållag innmelde i Vestlandske Mållag. Eitt av dei viktigaste tiltaka for Vestlandske Mållag var skipinga av eit landsgymnas på Voss i 1910.

Den første formannen i Sogn Mållag var lærar Hallvard O. Hesjevoll frå Jostedal. Dei andre i det første styret var:

Lærar Sverre Aas, Brekke, seinare fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane, muséumsstyrar Svein Vold frå Vik/Ambla. Anders Skåsheim, Balestrand og folkehøgskulestyrar Olav Bøyum, Sogndal.

- Les elles om den særmerkte målreisaren Henrik Krohn under Sogndal kommune. Som bygut frå ei gamal bergensfamilie skipa han Vestmannalaget i 1868. Vestmannalaget var det første nynorsklaget i Noreg. Les også under Solund kommune om nynorskpresten Rasmus Haugsøen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015