Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Bygdeungdomslag

Norges Bygdeungdomslag vart skipa i 1946, men på same vis som for Sogn og Fjordane Bondekvinnelag hadde det eksistert lokale bondeungdomslag i Sogn og Fjordane lenge før den tid.

Desse var organiserte i regionale lag etter nokolunde same mønster som dei frilynde ungdomslaga (Sjå Firda Ungdomslag og Sunnfjord Ungdomslag), og det var det største av desse, Fjordane Bygdeungdomslag, som gjorde opptaket til skiping av Sogn og Fjordane Bygdeungdomslag i 1971.

Bygdeungdomslaga har nær tilknyting til Norges Bondelag og Norges Bygdekvinnelag ved at dei har representantar i kvar sine styre.

Representantar for Sogn og Fjordane på stemna til Norges Bygdeungdomslag.

Representantar for Sogn og Fjordane på stemna til Norges Bygdeungdomslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.10.2011