Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Friidrettskrins

Marte Rygg Årdal frå Gloppen i sleggeringen. Foto: Rune Fossum, NRK.

Marte Rygg Årdal frå Gloppen i sleggeringen. Foto: Rune Fossum, NRK.

Sogn og Fjordane Friidrettskrins vart skipa i 1922, tre år etter at Sogn og Fjordane Distriktslag for Idrett (idrettskrinsen) vart skipa.

Ragnvald Søreide frå Gloppen vart vald til første leiar. Heilt frå starten i 1922 vart det skipa til krinsmeisterskap. Såkalla pokalkampar vart skipa til kvart år i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Her vart det tevla i 100 meter, 1500 meter og 5000 meter løp, kule, diskos, spyd, høgde, lengde og tresteg.

Kvinnene kom etter

Kvinnene fekk delta i krinsmeisterskapen for første gong i 1931 i øvingane 60 meter og høgdehopp, men det var først etter 2. verdskrig at det vart skikkeleg driv i friidretten for kvinner i fylket.

Få skikkelege baner

Få skikkelege baner

Friidrettskrisen skipa til det første trenarkruset i Høyanger i 1933 for i alt 22 påmelde. I 1935 fekk fylket eit eige autorisasjonsråd for dommarar.

Før 1945 var det berre Florø, Førde, Høyanger og Sandane som hadde skikkelege idrettbaner med rundbane for friidrett. Også på ei bane i Stongfjorden kunne det skipast til større stemne.

Asbjørn Hansen den første store

Organisert idrettsaktivitet låg nede under 2. verdskrig. Det første krinsstemnet etter freden vart skipa til på Kronborg i Førde den 4. juli 1945 med 50 deltakarar. Her vann Asbjørn Hansen frå Sandane 1500 meter suverent med 4.09.5. Hansen vart den første store friidrettsprofilen frå fylket, og tok NM-gull på 1500 meter i 1946.

Dette biletet er teke på eit friidrettsstemne i Angedalen i 1946. Stilen til høgdehopparen og utstyret er litt annleis enn i dag. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Dette biletet er teke på eit friidrettsstemne i Angedalen i 1946. Stilen til høgdehopparen og utstyret er litt annleis enn i dag. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Landskamp i Årdal

I 1979 gjekk friidrettskrinsen inn i samarbeidsorganet Friidrett Vest. Same året vart det første, store internasjonale friidrettstemnet skipa til i Sogn og Fjordane, då det vart halde trelandskamp i Øvre Årdal.

Håkon Fimland (t.v.) tok mange NM-titlar på 110 meter hekk, ofte i tett kniving med Kjellfred Weum frå Luster (t.h.) Biletet er frå ein landskamp mot Belgia, Nederland og Luxembourg. Foto: Knut Edvard Holm, utlånt av Håkon Fimland.

Frå 1982 har friidrettkrinsen hatt eigen fortetningsførar. Den første var Odd Skrede, Førde. I 1997 hadde fylket i alt 19 400-meters rundbaner med seks løpebaner, og 13 rundbaner som er kortare enn 400 meter. Sju baner var i 1997 utstyrte med kunststoffdekke.

Eitt av dei gode kasttalenta i Sogn og Fjordane, Trude Raad frå Gloppen. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Eitt av dei gode kasttalenta i Sogn og Fjordane, Trude Raad frå Gloppen. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Same året var det registrert idrettshus og idrettshallar i Askvoll, Atløy, Aurland, Balestrand, Eid, Fjaler, Florø, Førde, Gaupne, Høyanger, Innvik, Sandane, Sogndal, Stryn, Svelgen, Vik, Øvre Årdal og Årdalstangen, og sidan er Naustdalshallen, idrettshallen på Hermansverk, Lærdalshallen og storhallane Sognahallen i Sogndal og Nordfjordhallen ved Måløy komne til.

I 2011 vart senior-NM i friidrett avvikla på Byrkjelo. Foto: Rune Fossum, NRK.

I 2011 vart senior-NM i friidrett avvikla på Byrkjelo. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 17.10.2011