Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Handballkrins

Damelaget til Jotun har markert seg som det beste handballaget i Sogn og Fjordane med fleire sesongar i den nest øvste divisjonen. Foto: Inge Kjell Holme, NRK.

Damelaget til Jotun har markert seg som det beste handballaget i Sogn og Fjordane med fleire sesongar i den nest øvste divisjonen. Foto: Inge Kjell Holme, NRK.

Norges Handballforbund vart skipa i 1937. Sogn og Fjordane Handballkrins vart skipa i 1948. I 2004 vart krinsen slegen saman med Hordaland Håndballkrets til Norges Håndballforbund – Region Vest. Arvid Gimmestad frå Gloppen vart vald til den første leiaren i Region Vest.

Marianne Stedje Øren er mellom spelarane som har sytt for at Jotun har etablert seg blant dei 20 beste laga i landet. Foto: Siren B. Svortevik.

Marianne Stedje Øren er mellom spelarane som har sytt for at Jotun har etablert seg blant dei 20 beste laga i landet. Foto: Siren B. Svortevik.

Dei mest aktive handballmiljøa i fylket finn ein i kommunane Gloppen og Årdal. På 1970-talet gjorde trenaren Menny Hole ein stor innsats med damelaget til IBIL – Indre Breim Idrettslag – som spela i dei øvste divisjonane på landsnivå.

Damelaget til Jotun i Øvre Årdal har spela i 1. divisjon, og idrettslaga i Årdal skipa mellom 1995 og 2001 til den internasjonale handballturneringa Hydro Quality Games.

Av spelarar frå Sogn og Fjordane er det June Andenæs frå Gloppen som har markert seg sterkast. Ho er den første frå Sogn og Fjordane som har spela på det norske seniorlandslaget i handball.

June Andenæs i landslagsdrakta mot Sverige.

June Andenæs i landslagsdrakta mot Sverige.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015