Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Husflidslag

Frå ei utstilling i regi av Sogn og Fjordane Husflidslag. Vi ser heklearbeid frå 1970-åra. Foto: Synøve Eriksen Vadøy.

Frå ei utstilling i regi av Sogn og Fjordane Husflidslag. Vi ser heklearbeid frå 1970-åra. Foto: Synøve Eriksen Vadøy.

Norges Husflidslag vart skipa i 1910. Men Vestlandske Husflidslag vart skipa alt i 1895. I dette laget var lokale husflidslag i Sogn og Fjordane organisert fram til 1969, då Sogn og Fjordane Husflidslag vart skipa. Fram til då hadde husfliden i fylket sortert under Vestlandske Husflidslag som femna om heile Vestlandet. Men dette vart etter kvart ei for stor eining å administrere.

Den første leiaren i Sogn og Fjordane Husflidslag var fylkeslandbrukssjef Olav Bakke frå Førde. Fylkeslaget fekk ved starten to lokale lag med i alt 170 medlemer og ni støttelag med 250 medlemer.

Norges Husflidslag har husflidskonsulentar i alle fylke. I Sogn og Fjordane er konsulenten plassert i Førde.

I 2009 har Sogn og Fjordane Husflidslag kring 800 medlemer. Laget eig utsalet Husfliden Bergen AS saman med Hordaland Husflidslag.

- Les elles om nokre av dei fremste føregangskvinnene for norsk vevkunst og husflid: Randi Blehr under Lærdal kommune og Kjerstina Vangsnes under Vik kommune. Elles finn du artiklar om Brita Lunde under Hornindal, Cathinka Lind og Audhild Viken under Jølster, Klaudine Skarestad og Anna Mundal under Balestrand, Brita Dale under Sogndal og Brita Hønsi og Berte Fosse under Vik. Rosemålaren Kristen Kjelstad og Viksdalsmålinga er omtala under Gaular kommune, og under Eid kommune vert også fleire rosemålarar frå Eidsbygda omtala.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.03.2010