Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Idrettskrins

Deltakarar under KM i friidrett på Sandane i 1932.

Deltakarar under KM i friidrett på Sandane i 1932.

Sogn og Fjordane Idrettskrins vart skipa i 1919 under namnet Sogn og Fjordane Distriktslag for Idrott. Krinslaget endra namn til Sogn og Fjordane Idrettskrins i 1945. Med få unntak er all idrett i Sogn og Fjordane organisert i særkrinsar under Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug – til vanleg kalla Centralforeningen – vart skipa i 1861, og er opphavet til dagens Norges Idrettsforbund. Men det var mange stridar og harde politiske og ideologiske tak før Norges Idrettsforbund vart formelt skipa i 1946:

Braut med skyttarane

På 1880-talet braut skyttarane ut og skipa «folkevæpningslag». Desse laga hadde tette kontakter til det radikale og nasjonalsinna miljøet i partiet Venstre.

Striden om korleis skyttarvesenet skulle organiserast gjorde at Stortinget greip inn i 1893. Resultatet vart landslaget «Det frivillige skyttervesen», medan resten av idretten vart verande i Centralforeningen, som no vart heitande Centralforening for Udbredelse af Idræt. I 1910 vart namnet endra til Norges Riksforbund for Idræt, og i 1919 til Norges Landsforbund for Idrett.

Brot med arbeidarrørsla

I 1924 braut arbeidarrørsla ut og skipa sitt eige Arbeidernes Idrettsforbund, samstundes som dei sette forbod for medlemmene sine mot å delta på idrettsstemne skipa til av lag i det «borgarlege» Norges Landsforbund for idrett. I Sogn og Fjordane førde denne politiske delinga til skiping av «arbeidaridrettslaget» Sportsklubben Falken og Fotballklubben Ready i Florø (sjå Idrettslag i Flora).

Odd Bjarne Solheim var organisasjonssjef i idrettskrinsen frå 1978 til 2011.

Odd Bjarne Solheim var organisasjonssjef i idrettskrinsen frå 1978 til 2011.

Først i 1939 kom det til forsoning mellom Arbeidernes Idrettsforbund og resten av idretten, men krigen førde til at Norges Idrettsforbund først kunne halde konstituerande ting i 1946.

Eigen fylkesidrettskrins

Sogn og Fjordane Idrettskrins vart skipa i 1919 under namnet Sogn og Fjordane Distriktslag for Idrott. Kaptein Johannes N. Gausemel frå Hornindal var første formann, og mykje tyder på at initiativet til skiping av fylkeskrinsen i all hovudsak kom frå det sterke og allsidige idrettsmiljøet i Nordfjord.

I 1919 var det innmeldt 34 lag frå Sogn og Fjordane i Centralforeningen, men truleg var det fleire aktive idrettslag på denne tida kring om i fylket enn desse.

Krinslaget endra namn til Sogn og Fjordane Idrettskrins i 1945.

Idrettskrinsen held til i Concord-bygget på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Idrettskrinsen held til i Concord-bygget på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.10.2011