Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Frå starten på Vestlandsmeisterskapen i orientering på Langeland i Gaular. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Frå starten på Vestlandsmeisterskapen i orientering på Langeland i Gaular. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Sogn og Fjordane Orienteringskrins vart skipa i 1964 etter opptak frå idrettskonsulent Grunde Selås.

Første leiar vart Helge Bydal frå Førde. Nordvestgaloppen har sidan starten i 1977 vore eitt av dei største arrangementa for orienteringsmiljøet i fylket, og vart fram til 2000 skipa til kvart år. Sidan har Nordvestgaloppen vorte skipa til annakvart år. Løpa i Nordvestgaloppen går også i Hordaland og Møre og Romsdal.

NM-medaljar til Askvoll-tvillingar

NM-medaljar til Askvoll-tvillingar

Dei fremste orienteringsløparane frå fylket har vore Rune Berge frå Sogndal, som var på landslaget i 1981. Irene Felde frå Breim har vunne stafettgull i NM for ein klubb i Halden. Tvillingsystrene Gøril og Ingunn Fristad frå Askvoll har teke medaljar i NM og vore på landslaget. Gøril Fristad vart verdsmeister i biathlon – orienteringsløp med skyting – i 2005. Ingunn Fristad deltok i VM i 2001 og kom på 29. plass i kortbane. Ho har også ein 19.plass i Nordisk meisterskap i 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015