Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Pensjonistlag

vart skipa i 1972 med Gudleik Førde frå Høyanger som første leiar.

Fylkeslaget var den gongen sett saman av lokale pensjonistlag som var skipa i Høyanger, Årdal, Vik, Førde og Askvoll. Innan eit par år var det skipa i alt 15 lokale pensjonistlag kringom i fylket. Fylkeskontoret vart først plassert i Høyanger, men vart flytta til Førde i 2007.

Utanom ålmenne velferdssaker for eldre, har fylkeslaget i Sogn og Fjordane m.a. engasjert seg i kampen for nærbutikkar, lokalsjukehus og helseheimar. Ved 25-årsjubileet i 1997 var i alt 45 pensjonistlag medlemer i Sogn og Fjordane Pensjonistlag:

  • Høyanger skipa 1946
  • Årdal skipa 1970
  • Askvoll skipa 1972
  • Flora skipa 1972
  • Førde skipa 1972
  • Vik skipa 1972
  • Breim skipa 1973
  • Fjaler skipa 1973
  • Luster skipa 1973
  • Naustdal skipa 1973
  • Sogndal skipa 1973
  • Vågsøy skipa 1973
  • Balestrand skipa 1974
  • Bø skipa 1974
  • Eid skipa 1974
  • Lærdal og Borgund skipa 1974
  • Stryn og Hornindal skipa 1974
  • Svelgen skipa 1974
  • Eikefjord skipa 1975
  • Kalvåg skipa 1975
  • Leikanger skipa 1975
  • Lavik skipa 1976
  • Bremanger skipa 1977
  • Arnafjord skipa 1978
  • Fjærland skipa 1978
  • Gaular skipa 1978
  • Jølster skipa 1978
  • Selje skipa 1978
  • Stadt skipa 1978
  • Brekke skipa 1979
  • Byrknesøy skipa 1979
  • Fresvik skipa 1979
  • Sørsida skipa 1979
  • Viksdalen skipa 1979
  • Øen skipa 1979
  • Aurland skipa 1980
  • Bryggja skipa 1980
  • Hyllestad skipa 1980
  • Solund skipa 1980
  • Gloppen skipa 1983
  • Hyen skipa 1984
  • Vadheim skipa 1984
  • Askrova skipa 1985
  • Steinhovden skipa 1986

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015